Hopp til innhold

Helsesekretær

Arbeidsgiver

Serviceseksjon Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Helsesekretær
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Serviceseksjonen ved Nordfjord sjukehus har ledig 80 % fast stilling som helsesekretær/medisinsk sekretær.

Serviceseksjon organiserer alle merkantilt tilsette ved Nordfjord sjukehus og består av 10 årsverk. Eininga leverer sekretærtenester til medisinsk sengepost, medisinsk poliklinikk, radiologisk avdeling, skadepoliklinikken og avtalespesialistar med innkalling til poliklinikkane, telefoni og skriveteneste.
Eininga har også ansvar for id-kort, resepsjon og sentralbord.

Arbeidstid: måndag - fredag kl. 08.00 - 15.30

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjord er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her finn du gode barnehage- og skuletilbod samt eit rikt fritids- og kulturtilbod. Det er og kort veg til flyplass.

Sjekk ut denne videoen der Marielle fortel korleis jobben hennar som helsesekretær ved Nordfjord sjukehus er, og om det som gir meining og verdi for henne.


Arbeidsoppgåver

  • Innkalling av pasientar 
  • Ekspedisjon
  • Inn- og utgåande telefonar
  • Arbeidsoppgåver knytt til avtalespesialist
  • Transkribering etter lydfiler
  • Andre førefallande kontoroppgåver

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsesekretær/ medisinsk sekretær
  • Relevant kompetanse og erfaring i bruk av IT og nettverkbastert system, spesielt frå Dips og Sectra
  • Beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
  • Fordel med kunnskaper i medisinsk terminologi

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner blir vektlagt
  • Kunne jobbe sjølvstendig
  • Evne til å jobbe strukturert og systematisk med toleranse for stort arbeidspress
  • Er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overenskomt
  • Gode pensjonsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Tjodhild Herstad Alsaker, Einingsleiar, (+47) 419 07 041

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5132815178
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Tjodhild Herstad Alsaker

Einingsleiar

(+47) 419 07 041

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c3bce26a-85f0-4c9f-aa1e-a3dfda6fa83c

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0b59c4ae60b44688971440b18eaec606

Lignende annonser

Laster lignende annonser