Rådgivar – ekstern forskingsfinansiering
Forskings- og utviklingsavdelinga/ Forsking og innovasjon, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgivar – ekstern forskingsfinansiering
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Vil du bidra til at fleire forskingsprosjekt vert realiserte og at forsking får gode rammer gjennom ekstern finansiering?
Vi søkjer ein strategisk og utviklingsorientert rådgivar som skal styrkje arbeidet med søknader til EU sitt rammeprogram Horisont Europa, Noregs forskingsråd og andre nasjonale og internasjonale finansieringskjelder. Stillinga gir ei unik moglegheit til å påverke korleis forsking og innovasjon vert utvikla og finansiert i ein av dei største helseinstitusjonane i landet.
Stillinga er organisatorisk plassert i FoU-avdelinga, Seksjon for forsking og innovasjon. Du vil inngå i eit kompetent og tverrfagleg team som arbeider med å leggje til rette for forsking og innovasjon, samstundes som du får ei sjølvstendig rolle med stor påverknadskraft i utviklinga av større forskingsprosjekt og satsingar.
Seksjon for forsking og innovasjon er ei stabsavdeling som yter rådgjeving og støtte til føretaksleiinga, klinikk- og avdelingsleiinga, i tillegg til forskarar. Seksjonen har ei sentral rolle i å leggje til rette for auka forskingsaktivitet og innovasjon. Som rådgivar vil bidra med å styrkje sjukehuset sitt arbeid med å hente ekstern finansiering og å leggje til rette for at større forskingsprosjekt får gode, realistiske og gjennomførbare rammer.
Arbeidsoppgåver
- Kartleggje moglegheiter, vilkår og rammer i utlysingar, og gi råd om innretning av prosjekt og søknader
- Gje råd til forskarar og fagmiljø i planlegging og utforming av søknader til mellom anna Horisont Europa, Noregs forskingsråd, stiftelsar og andre aktørar som lyser ut forskingsmidlar
- Hjelpe med søknader i tidlegfase ved å bidra til å identifisere behov for personell, drift og utstyr for å sikre gjennomførbare prosjekt.
- Kartleggje eksisterande ressursar og eigenandelar, og gi råd om finansiering i større satsingar
- Leggje til rette for strategisk oppgåve- og ressursfordeling mellom samarbeidspartnarar nasjonalt og internasjonalt
- Avklare og utarbeide budsjettgrunnlag for prosjekt i tett samspel med forskarar
- Kvalitetssikre budsjett i samspel med økonomiavdeling og andre prosjektdeltakarar
- Samhandle med administrative miljø hos partnarinstitusjonar for å sikre heilskaplege budsjettutforming
- Ha tett kontakt med finansieringskjelder og bidra i dialog med forskingsmiljøa
- Bidra til kunnskapsdeling og opplæring innan forskingsfinansiering i sjukehuset
- Andre oppgåver innan seksjonen sitt ansvarsområde
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande (kan vurdere unntak ved relevant erfaring)
- Erfaring frå forskingsadministrasjon og eller forskingsøkonomi er ønskeleg, inkludert kjennskap til utlysingar og søknadsprosessar
- Kjennskap til helseforsking og samhandlingsmønstera mellom sjukehus og universitets- og høgskulesektoren er ønskeleg
- Erfaring med større prosjekt eller satsingar er ein fordel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Du arbeider sjølvstendig og nøyaktig
- Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne, også i komplekse prosessar
- Du har god evne til å lytte, samarbeide og byggje relasjonar på tvers av fag og einingar
- Du har god munnleg og skriftleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- Du har ei positiv haldning til å tileigne deg og dele kunnskap
- Du er eigna til å møte dei faglege og personlege krava som stillinga krevjer
Vi tilbyr
- Fast stilling med fleksibel arbeidstid
- Utfordrande og meiningsfylte oppgåver
- Fagleg utvikling
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
- Lønn etter avtale og god pensjonsordning
- Anna stillingstittel kan bli vurdert i særlege tilfelle
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kristin Egset Kjøde, Fagleiar, 92439240, kristin.egset.kjode@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5136814346
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c371fe58-7307-42a4-9fa2-549fb03b7658
- Sist endret
28. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b56ef170021e4caebdbcb6d43040742f