Sjukepleiar - 100% fast
Sjukeheimen, Vinje kommune
Vinjevegen 212, 3890 Vinje
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar - 100% fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Vil du vere med på å skape framtidas eldreomsorg? På Vinje sjukeheim får du høve til å bruke kompetansen din der den verkeleg betyr noko.
Me ser etter ein engasjert sjukepleiar som vil bidra til å vidareutvikle eit fagmiljø der trivsel, omsorg og kvalitet står i sentrum. Hos oss får du ein arbeidskvardag med varierte oppgåver, god støtte frå kollegaer og eit miljø der me heiar på kvarandre.
Har du lyst til å jobbe på sjukeheim og set pris på både faglege utfordringar og gode relasjonar – då håpar me du søkjer!
Dette er Vinje sjukeheim:
- Korttid/rehabilitering: 9 plassar (2 KAD-plassar)
- Avdeling tilpassa personar med demens: 13 plassar, fordelt på to grupper
- Somatisk langtidsavdeling: 12 plassar
Me jobbar målretta for å gje kvar bebuar ein kvardag som tek utgangspunkt i deira eigne interesser, ressursar og behov. Pårørande er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og saman skapar me gode og meiningsfulle dagar for bebuarane. Som sjukepleiar blir du ein viktig del av eit tverrfagleg team som samarbeider tett for å finne dei beste løysingane for kvar enkelt. Her får du utvikle deg, påverke, og vere med å forme eit trygt og fagleg sterkt tilbod.
Me nyttar årsturnus, noko som gir deg betre moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag og planleggje fritida di for heile året. Det er moglegheit til å jobbe langvakter på helg dersom du ynskjer det.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiaroppgåver, både admisistrative og prosedyrer i direkte kontakt med bebuarar
- Rettleie og gje opplæring til kollegaer, bebuarar og deira pårørande
- Oppfylging av KAD-plassar, som er kommunale ø-hjelpsplassar
- Samtaler og tett kontakt med pårørande
- Dokumentasjon - tiltaksplanar og oppfylging
- Bidra i implementering av OBS-plan på avdelinga
- Utvida administrativt ansvar ved fråvær av leiar (kveld/natt/helg)
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Har du vidareutdanning innanfor geriatri, demens eller palliasjon er dette ein fordel, men dette er ikkje eit krav
- Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Me oppmodar nyutdanna til å søkje.
Personlege eigenskapar
- Du har eit smil på lur, ein dose humor og ei vilje til å sjå moglegheiter framfor begrensingar
- Du har fagleg fokus og eit stort hjarte for eldreomsorg
- Du er fleksibel, engasjert og er klar for ein spanande jobb
- Du trivst med ansvar og er trygg på deg sjølv - både som menneskje, sjukepleiar og kollega
- Du jobbar sjølvstendig, men trivst også i team
- Du har god gjennomføringsevne, er fleksibel og endringsvillig
- Du held deg fagleg oppdatert på gjeldande prosedyrer
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetjing.
Me tilbyr
- Ein god arbeidsplass med engasjerte medarbeidarar som har fagleg fokus på pasientane og som yter det vesle ekstra
- ABC-kurs innanfor ulike geriatriske tema
- Det blir gjeve støtte til vidareutdanning, særskilt innanfor demensomsorg
- Dersom du ikkje ynskjer fast stilling er du velkomen til å søkje likevel, me har også behov for tilkallingsvikarar
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
- Me har eit aktivt friluftsliv i kommunen
- Løn etter lokal lønstabell - høgare enn KS sin sentrale minsteløn
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting (ikkje eldre enn 3 månader).
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Guro Eriksen Ormestøyl, Avdelingsleiar korttidsavdelinga, 98 01 32 62, guro.ormestoyl@vinje.kommune.noHanne Kristin Finkenhagen, Avselingsleiar langtidsavdelinga, 99 25 16 24, hanne.kristin.finkenhagen@vinje.kommune.no
Arbeidsstad
Vinjevegen 2123890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5099744156
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hanne Kristin Finkenhagen
Avselingsleiar langtidsavdelinga
99 25 16 24
Om bedriften
Me ynskjer deg velkomen til Vinje!
Midt mellom Oslo og Bergen, ved foten av Hardangervidda, ligg nasjonalparkkommunen Vinje. Rik på areal, naturlege ressursar, kultur, kontrastar - og historie.
Med sitt store areal har kommunen rikeleg med tumleplass, der dei kontrastfylte årstidene på mange vis legg premissane for det breie utvalet av friluftsaktivitetar.
Åmot er eit regionalt handelssenter, med eit rikt tilbod av varer og private og offentlege tenester. Haukeli og Rauland er fjellbygder som er sentra i attraktive turistområde. Øyfjell er ei levande bygd, med oppvekstsenter og grendehus.
Me håpar du vil trivast hjå oss!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c32aa79e-a4b6-4714-b5a5-e605e1dc2b5f
- Sist endret
31. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f9b443f80aa1427baefb26fea6d9ca7e