100% stilling som barnehagelærar i Tyssedal barnehage
Ullensvang kommune Tyssedal barnehage
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 14. juni
Kompetanse
Utdanning: Barnehagelærerutdanning eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar vil midlertidig dispensasjon til utdanningskravet verta vurdert jf. Lov om barnehage
Barnehagelærar har medansvar for:
Barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet på avdelingen.
Lede, planlegge og gjennomføre det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Dokumentere og vurdere det pedagogiske arbeidet på avdelinga.
Medverke til eit godt og inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å gjere kvarandre gode.
Systematisk og målretta arbeid i tråd med barnehageloven, rammeplan for barnehage samt pedagogisk årsplan for Tyssedal barnehage.
Medvirke til eit inkluderande barnehagemiljø.
Personlege eigenskapar:
Vi ønsker oss ein barnehagelærar som er engasjert på barnas vegne. Du liker å samarbeide med andre på tvers og jobbe systematisk. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ønsker å utvikle deg faglig. I tillegg er du digitalt kompetent og oppdatert, og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø sosialt.
Kvalifikasjonar:
Barnehagelærer eller tilsvarende jf. barnehageloven §25.
Erfaring med pedagogisk leiing vert verdsett.
Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr:
Eit spennande, utfordrande og inkluderande arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Lønn etter hovedtariffavtalen
Gode pensjons og forsikringsvilkår
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Vi kan tilby rekrutteringsavtale til barnehagelærere på kr. 30 000,- etter ett år i teneste, og ytterligere kr. 30 000,- etter to år i barnehagen.
Ullensvang kommune har IA avtale (inkluderende arbeidsliv).
Krav jmf Lov om barnehage:
Politiattest
Norsk kompetanse nivå A2 på delprøven i skriftlig framstilling og nivå B1 på delprøvene i leseforståelse, lytteforståelse og muntlig kommunikasjon.
Sletting av utdanningsgjeld/studielån:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c275a2e5-d6e1-4066-99a1-b39c72acb20e
- Sist endret
28. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3632121_193983_nn