Hopp til innhold

Rektor/einingsleiar ved Godøy skule

Arbeidsgiver

Giske kommune, Godøy skule

Sted

Gøymyrane 122, 6055 Godøya

Om jobben

Stillingstittel
Rektor/einingsleiar ved Godøy skule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 9. juni

 

Stillinga som einingsleiar og rektor ved Godøy skule er ledig frå 01.08.2026.

Giske kommune søker ein engasjert, tydeleg og utviklingsorientert rektor ved Godøy skule. Har du motivasjon for å leie skulen si vidare utvikling med fokus på elevane og deira læring og trivsel? I Giske kommune har vi samla oppvekstsektoren i ei felles retning for tidleg innsats og ein inkluderande praksis.

«Det var bra eg kom» er visjonen for ein oppvekst i Giske kommune, med utgangspunkt i barnet sitt møte med barnehage og skule.

Godøy skule er ein 1-7 skule med 140 elevar og for tida 21 årsverk.  Det er tett samhandling i skuleleiargruppa og som rektor tek du del i kommunedirektøren sitt leiarforum.

Godøy skule har konkretisert visjonen slik; «Trygt forankra strekk vi oss ut!». Skulen har utvikla eit ambisiøst og aktivt profesjonsfellesskap, der refleksjon, erfaringsdeling og felles utvikling av praksis står sentralt.

Skulen er tett forankra i øysamfunnet og det maritime miljøet, der naturen og nærmiljøet er viktige læringsarenaer. Gjennom heimstadlære, maritim veke, julemarknad og entreprenørskap får elevane utforske, skape og lære i autentiske samanhengar og i tett samspel med lokale aktørar. Det har over tid vore utvikla kompetanse for fagleg inkludering, gjennom fokus på opne oppgåver, uteskule og utvida læringsarenaer. Det er planlagd for arbeid vidare med utvikling innan berekraft og skulehage. Godøy skule er ein utviklingsorientert skule der elevane skal vere trygt forankra i eigen identitet og lokalmiljø, samstundes som dei strekkjer seg ut mot nye erfaringar, kunnskap og framtidsmoglegheiter.

Gyldig politiattest må leggast fram.

Administrasjons-/undervisningsmålet er nynorsk.

Løn etter avtale og kvalifikasjonar.

I tillegg til formell kompetanse vert det lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Vi ber om at vitnemål vert lagt ved søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg, økonomisk og administrativt ansvar i samsvar med tildelte fullmakter, dette inkluderer personalansvar og HMS-ansvar
  • Ta del i heilskapleg og strategisk utvikling av oppvekstsektoren i Giske kommune
  • Kvalitet- og internkontroll
  • Involvere og inkludere elevar, tilsette og foreldre i å utvikle skulen og oppvekstsektoren i tråd med sentrale og lokale styringssignal
  • Vidareutvikling av eit profesjonsfellesskap som vektlegg dynamisk tenking, analyttisk tilnærming og kunnskapsbasert praksis
  • Ta aktivt del i oppvekstsektoren si leiargruppe og i kommunedirektøren sitt leiarforum
  • Tverrfagleg arbeid
  • Byggje kapasitet for utvikling og endring i eit inkluderande læringsmiljø
  • Systematisk samarbeid med tillitsvalde og verneteneste
  • Det kan bli endringar i arbeidsoppgåver ut frå behov

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant pedagogisk utdanning frå universitet / høgskule
  • Rektorutdanning og/eller relevant leiarutdanning er ønskjeleg – om ikkje du har leiarutdanning må du vere innstilt på å tileigne deg det innan få år.
  • Erfaring frå undervisning og relevant leiarerfaring
  • Kunnskap om økonomistyring og administrativt arbeid
  • Kunnskap om relevant lovverk og oppdatert kompetanse på pedagogisk utviklingsarbeid
  • God digital kompetanse
  • God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort og kunne disponere eigen bil i tenesta

Personlege eigenskapar

  • Evne til å vere ein målretta, motiverande og tydeleg leiar som i lag med leiarteamet sitt  legg til rette for at andre skal få realisere potensialet sitt for utvikling og læring
  • Lyttande og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – god relasjonskompetanse
  • Evne til å arbeide ryddig og strukturert, ta initiativ og gjennomføre godt
  • Evne til å jobbe heilskapleg og prioritere innsats og ressursar

Vi tilbyr

  • Elevar som er ein ressurs i læringsarbeidet
  • Føresette som engasjerer seg i skulen, støttar og utfordrar
  • Tilsette med kapasitet for elevsentrert utvikling og endring
  • Tett samarbeid med fagleg engasjerte og kompetente leiarar innan oppvekstområdet, i kommunen sitt tverrfaglege leiarforum og elles i Giske kommune 

    Giske kommune sine verdiar er:  
  • Kvalitet - gjennom klar kommunikasjon, kompetanse og læring/utvikling
  • Løysingsvilje - gjennom heilskapleg tenking, handlekraft og kreativitet
  • Engasjement - gjennom meiningsfylte oppgåver, trivsel og arbeidsglede
  • Respekt - gjennom å vere imøtekomande, påliteleg og involverande
   

Kontaktinformasjon

Åse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef, +47 98431522

Arbeidsstad

Gøymyrane 122
6055 Godøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5131621890
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Åse Elisabeth Skjærseth

kommunalsjef

+47 98431522

Om bedriften

Giske kommune har om lag 8828 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c272f30c-646d-4b03-b8ec-5365b8ea3f06

Sist endret

19. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7d3718e0345e4dd086c26cb790901c04

Lignende annonser

Laster lignende annonser