Har du erfaring frå legekontor, laboratoriearbeid, akuttmedisin og kommunal helse- og omsorgsteneste? Då vil me gjerne ha din søknad.
Ål kommune Ål legetenester
Helsetunvegen 17, 3570 Ål
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar / paramedisinar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Då kan du vere den me ser etter!
Me er eit spennande medisinsk knutepunkt, samlokalisert med sjukeheimen, heimetenesta, Hallingdal sjukestugu, ambulansetenesta, og base for Norsk luftambulanse. Den lange avstanden til sjukehus gjer at me handterer alt frå infeksjonar til alvorlege akutte situasjonar.
Ål kommune søkjer no etter fleire engasjerte og dyktige sjukepleiarar. Det er ledig:
- 200 % fast stilling som sjukepleiar / paramedisinar p r dags dato ved legetenesta. Stillingane kan ved endring i behov bli tillagt andre oppgåver og eventuelt få endra arbeidstad til andre avdelingar.
- 100 % vikariat som sjukepleiar / paramedisinar i inntil 1 år pr dags dato ved legetenesta. Stillinga kan ved endring i behov bli tillagt andre oppgåver og eventuelt få endra arbeidstad til andre avdelingar.
Stillingane er pr dags dato fordelt mellom Ål Legekontor og Hallingdal Legevaktsentral og inngår 3- delt turnus. Vi utformar arbeidsplanar etter prinsippet om forhandling blant tilsette. Dette gir moglegheit for individuell tilpassing og komprimerte arbeidsperiodar.
Arbeidsoppgåver:
- svare på førespurnader og vurdere hastegrad frå innbyggjarar og gjester i Ål kommune og i Hallingdal
- samhandle med lege for å sikre trygge pasientforløp
- arbeid på laboratorie og skadestue
- gje relevant råd og rettleiing til pasientar
- hjelpe legane med oppfylging av pasientar med kroniske lidingar
- medikamenthandtering
- bidra til å gjere relevante driftoppgåver ved legetenesta
- vaktsentral: Koordinering av nødnett med telefonteneste; råd, rettleiing og triagering til innringjarar med akutt sjukdom og skadetilstander.
- tverrfaglig akuttmedisinsk samhandling i og mellom kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta.
Kvalifikasjonar
- bachelor i sjukepleie eller paramedisinar med norsk autorisasjon
- gjerne vidareutdanning eller interesse innan relevante fagområde som akuttmedisin, avansert klinisk allmennsjukepleie (AKS), sårbehandling m.v.
- 2 års relevant arbeidserfaring
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum C1 nivå
- erfaring frå arbeid ved legekontor og/eller legevakt blir tillagt vekt
- beherske digitale arbeidsverktøy
- sertifikat kl B
- du må kunne jobbe sjølvstendig, vere løysningsorientert, samt evne å ta raske avgjersler
- du bør takle eit høgt arbeidstempo og periodevis eit høgt stressnivå
- du må vere samarbeidsvillig, fleksibel og takle omstilling
- kalenderplan og forhandlingsturnus, der det kan bli lagt til rette for langvakter
- fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dagar er like
- høgt fagleg nivå og god fagdekking
- internundervisning og fagleg påfyll
- arbeidsmiljø prega av humør og arbeidsglede
- meiningsfullt arbeid med engasjerte kollegaer og godt arbeidsmiljø
Lønn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar. Arbeidsforholdet er regulert av Hovudtariffavtala. Gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet.
Utdanning, opplæring og kursÅl kommune legg til rette for relevant vidareutdanning og vidareutdanning for personleg vekst med gode stødnadsordningar: Det er godt organisert internopplæring og kurs. Gjennom Halllinghelse blir det lagt til rette for mellom anna mobil ferdigheitstrening og regionale fagkurs.
Bu og jobbe i ÅlÅl er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!
Her er bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ynskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Flytt til Ål! .
Send søknad og politiattest- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan skje fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Du er velkomen til å ta kontakt med oss om du har spørsmål knytta til stillinga.
Velkomen som søkjar.Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c2240cf0-dddf-47a0-a454-74613d3360b5
- Sist endret
16. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3646653_211223_nn