Vernepleier/Helsefagarbeidar 80-100 % fast stilling med 12,5-timarsvakter
Ål kommune Heimetenester
Helsetunvegen 5, 3570 Ål
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. august
Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du får bidra til å styrke ein person si sjølvstende og meistring i kvardagen?
Vi har ledig inntil 100 % fast stilling med arbeid etter årsturnus. Stillinga vil innebere i hovudsak 12,5-timarsvakter og er pr dags dato knytt til oppfølging av ei vaksen kvinne med erverva kognitiv svikt.
Me søkjer deg som likar å jobbe med menneske, som er dyktig til å bygge relasjonar og som spreier livsglede til folka omkring deg. Du ønskjer å vere ein aktiv bidragsytar til kunnskapsbasert praksis og utvikle eigen arbeidsplass.
Er du nyutdanna, er du velkomen til å søkje - me tek godt i mot nytilsette - her hjå oss får du god opplæring og rettleiing.
Me tilbyrInntil 100 % fast stilling med tilbod om langvakter, der dei fleste vaktene med 12,5 timer, arbeid kvar 3. helg, gode friperiodar og årsturnus. Det er organisert eigen nattevaktsturnus i tenestene.
Som tilsett i Ål kommune blir du en del av eit team som legg vekt på fagleg kvalitet. Hjå oss får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg, innovative fagmiljø som stadig er i utvikling. Her er du garantert ein variert og spanande jobb. Du har gode kollegaer rundt deg som står klar for å hjelpe og støtte deg.
Det blir lagt til rette for at du kan vidareutvikle din kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Ellers har me:
- fagleg spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med positive og trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- ein spanande og meininsflyt kvardag der du har moglegheit til å utgjere ein forskjell for andre,
- høgt fagleg nivå og god fagdekking
- høve til fagleg og personleg utvikling
- lønn etter gjeldande tariffavtale. Arbeidsforholdet er regulert av hovudtariffavtala og pensjonsordning i KLP
- rekruttere og behaldetillegg
- tilrettelagde og gode lokale
- fadder på jobb og fadder for nytilflytta, velkomsttreff og personleg oppfølging av deg som ny i Ål
- rabattert pris på treningssenter
Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og tilbod sumar og vinter. Draumeplass for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv.
Vil du vite meir om å flytte, bu og jobbe i Ål? Meir info finn du på vår heimeside.
Arbeidsoppgåver er mellom anna:- ein-til-ein oppfølging av brukar i eigen heim og nærmiljø
- rettleiing og tilrettelegging i daglege aktivitetar (ADL)
- motivere, støtte og igangsette oppgåver og aktivitetar
- arbeide målretta for å auke brukar sin sjølvstende og meistring
- å rapportere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk og aktivt bidra til å sikre individuelle, faglege og etisk forsvarlege tenester
- samarbeid med pårørande og aktuelle fagpersonar
Stillinga er pr dags dato primært knytt til ein bruker, men du må rekne med å utføre oppgåver i heimetenesta eller ved andre avdelingar i kommunen når tenestene sine behov tilseier dette.
Vi søkjer deg som:- er tydeleg, strukturert og trygg i møte med menneskjer
- har evne til å motivere og igangsette aktivitetar og daglege gjeremål
- er tolmodig, løysningsorientert og sjølvstendig
- evner å bygge gode relasjonar samtidig som du kan sette nødvendige rammer
- er fleksibel og villig til å bidra på tvers av tenester ved behov
- har fokus på brukarmedverknad, meistring og utvikling
- har evne til å ta imot rettleiing
- autorisasjon som vernepleier eller helsefagarbeidar.Andre med 3- årig relevant høgskuleutdanning vil også bli vurdert.
- erfaring frå arbeid med personar med kognitiv svikt er en fordel
- kjennskap til målretta miljøarbeid er ønskjeleg
- gode norskkunnskapar (minimum B2-nivå) og datakunnskapar
- førarkort klasse B
- personlege eigenskapar blir tillagt vekt
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden. Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader
- intervju og tilsetting kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Ta gjerne kontakt med oss.
Velkommen som søkjar!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
80b30adb-2abe-4dc3-a6bf-f4670d5c0b6d
- Sist endret
16. juli 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3647265_212371_nn