Hopp til innhold

SFO-leiar

Arbeidsgiver

Rubbestadneset skule, Bømlo kommune

Sted

Ramskleiva 49, 5420 Rubbestadneset

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
SFO-leiar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 14. mai

Vil du ha ei meiningsfull leiarrolle der du får vere med på å forme ein trygg, inkluderande og utviklande kvardag for barn? Rubbestadneset skule søkjer no ein engasjert og tydeleg SFO-leiar i 80% fast stilling.

Som SFO-leiar har du ei sentral rolle i den daglege drifta av skulefritidsordninga. Du er ein nøkkelperson i arbeidet med å skape eit trygt og inkluderande miljø der barna opplever meistring, trivsel og fellesskap. Gjennom god leiing, struktur og evne til å motivere medarbeidarar, bidreg du til ein SFO med høg kvalitet og kontinuerleg utvikling.

Rubbestadneset skule er ein barneskule med om lag 180 elevar, der rundt 80 elevar frå 1.–4. trinn nyttar SFO-tilbodet. Me er ein skule med engasjerte tilsette og eit inkluderande arbeidsmiljø, der samarbeid og trivsel står sentralt. Som vår nye SFO-leiar får du ansvar for å leggje til rette for ein god og trygg kvardag – både for barna og dei vaksne som arbeider i SFO.

Stillinga har oppstart 01.08.2026, og vert delt mellom 60% SFO-leiar og 20% arbeid i skulen.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for den daglege drifta av SFO, inkludert organisering, tilrettelegging og pedagogisk arbeid.
  • Sikre trivsel, tryggleik og gode rammer for barna, og leggje til rette for utvikling både for det einskilde barnet og i barnegruppa.
  • Bidra aktivt med idear og forslag som fremjar kvalitet og vidareutvikling av SFO-tilbodet.
  • Leggje til rette for godt samarbeid med personalet, barna og foreldre/føresette.
  • Ha ansvar for god dialog med foreldre/føresette, og sikre gode rutinar for informasjon og kommunikasjon med heimen.
  • Leie og koordinere planlegginga av arbeidet for miljøarbeidarane i SFO.
  • Ansvar for dagleg personalhandtering i SFO, mellom anna vaktplanlegging og bruk av vikarar.

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

Krav til stillinga:

  • Høgare utdanning innan pedagogikk eller anna relevant fagområde (lang og relevant erfaring kan i særskilde tilfelle kompensere for utdanningskravet)
  • Erfaring frå arbeid med barn i barneskulealder
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Det er ønskjeleg med:

  • Erfaring frå arbeid i SFO, skule eller tilsvarande verksemd
  • Erfaring med leiing, koordinering eller fagleg ansvar
  • Kjennskap til Rammeplan for skulefritidsordninga (SFO)
  • Erfaring med samarbeid med føresette og tverrfagleg samarbeid
  • Grunnleggjande digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Evne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og kollegaer
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta ansvar
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Tydelig og trygg i leiarrolla

Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Vi tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder

Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringsloven § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn 
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor, Tone O. Baugstø.

Kontaktinformasjon

Tone O. Baugstø, Rektor, 990 34 994

Arbeidsstad

Ramskleiva 49
5420 Rubbestadneset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5112321650
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 14.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Tone O. Baugstø

Rektor

990 34 994

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c21a8de7-3ef7-4fb2-bf6d-86aa198b090d

Sist endret

30. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

55ce69e8eaf74c57ad77069446ed7c36

Lignende annonser

Laster lignende annonser