Me søkjer ein glødande, skapande og tilstadeverande barne- og ungdomsarbeidar
Sævarhagen FUS barnehage as
Sævarhagen 47, 5416 Stord
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Vakt, dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 25. juni
I FUS har me store ambisjonar – me ønskjer å bli best på barnehage! Me trur at nysgjerrige, trygge og leikne barn skapar framtida, og me søkjer ein engasjert barne- og ungdomsarbeidar/pedagogisk medarbeidar som vil vera med på denne reisa.
Er du engasjert? Tar du initiativ? Samarbeider du godt med andre? Snakkar du med barn på ein open, ærleg og tydeleg måte?
Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søker du fagleg råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer av andre?
Er du reflektert? Er du medviten om di vaksenrolle og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande daglegsituasjonar i eit heilskapsperspektiv og finn løysingar på utfordringar?
Ja? Då er du kanskje den me ser etter!
Me tilbyr:
- Ein variert og aktiv kvardag
- Moglegheit for å bidra med eigne relevante ferdigheiter eller interesser
- Moglegheit for å bidra til vidare utvikling av barnehagen
- Moglegheit for å bli ein del av ein kjede med stort fagleg fokus
- Godt samarbeid med andre FUS-barnehagar i eit av Noregs største private barnehagenettverk
- Gode løns- og pensjonsvilkår
- Eigne FUS-klær
Arbeidsoppgåver:
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet
- Bidra til å sørgje for den heilskaplege omsorga av det enkelte barnet og barnegruppa
- Bidra til å utvikle det fysiske og psykososiale barnehagemiljøet
Me ønskjer at du:
- Er samarbeidsvillig og kan løyse utfordringar saman med andre
- Er tilpassingsdyktig – du trivst i ein variert kvardag, er fleksibel og løysingsorientert i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Er påliteleg og ansvarsmedviten
- Er ein aktiv og leikande vaksen i møte med barna
Søkjarar vil bli vurdert i forhold til personleg eignaheit, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å vere ein barnehage prega av mangfald, der ulike perspektiv, erfaringar, bakgrunnar og evner bidrar til eit inkluderande fellesskap.
Tilsetjinga føreset godkjent politiattest i henhald til barnehagelova som må leverast før eventuell tiltreding i stillinga.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
41b7bda3-7782-40f1-95ca-2d3f0ab78114
- Sist endret
10. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aa7f2b7e8a5741a7b222a78cc2942bb5