Hopp til innhold

Assisterande seksjonsleiar

Arbeidsgiver

Thorax seksjon, Helse Bergen HF, Kirurgisk serviceklinikk

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Thoraxkirurgisk seksjon ved Haukeland universitetssjukehus søkjer ein tydeleg og engasjert assisterande seksjonsleiar med eit sterkt engasjement for fag, kvalitet og medarbeidarar.

Som assisterande seksjonsleiar får du ei sentral rolle i den daglege drifta av ein høgspesialisert seksjon, der du bidreg til å sikre god flyt, riktig bemanning og forsvarleg pasientbehandling i ein travel klinisk kvardag. Du vil arbeide tett saman med seksjonsleiar i eit operativt tospann, og vere ein viktig medspelar i vidare utvikling av seksjonen.
Vi ser etter deg som evnar å kombinere struktur, samarbeidsevne og handlekraft – og som er trygg i prioriteringar og avgjerder når det er høg aktivitet og mange omsyn å ta.

Om seksjonen
Thoraxkirurgisk seksjon (TKS) er ein del av Kirurgisk serviceklinikk (KSK) og held til i moderne lokale i Sentralblokka. Seksjonen har høg aktivitet og komplekse pasientforløp, og består av eit sterkt fagmiljø med operasjons- og anestesisjukepleiarar.
Vi arbeider i tverrfaglege team saman med kirurgar, anestesilegar, perfusjonistar og andre samarbeidsgrupper, og legg stor vekt på godt samarbeid og høg kvalitet i alle ledd.
Seksjonen har i dag 34 operasjons- og anestesisjukepleiarar, og drifta er organisert i todelt turnus, hovudsakleg dagtid.

Fagleg ansvar og aktivitet
Seksjonen har ansvar for:

  • hjarte- og lungekirurgi
  • behandling av thorakale aortaaneurismar
  • akutt beredskap ved thoraxtraume
  • innlegging av veneportar, Hickman- og dialysekateter for heile sjukehuset

Vi disponerer fire operasjonsstover, der éi er hybridstove nytta til avanserte prosedyrar i samarbeid med kardiologar og karkirurgar, som TAVI, MitraClip, pacemaker, ICD og EVAR.

Om rolla
Stillinga er dagtidsorganisert utan fast turnus, men gir høve til å oppretthalde klinisk kompetanse ved behov gjennom deltaking i drift.
Som assisterande seksjonsleiar vil du ha ei nøkkelrolle i å utvikle både drift, fag og arbeidsmiljø, og bidra til at seksjonen leverer trygge og effektive tenester av høg kvalitet.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dag til dag-styring av operasjonsdrifta og operasjonsprogrammet
  • Ansvar for arbeidstidsplanlegging og bemanning, inkludert dagleg styring i GAT
  • Bidra i opplæring og kompetanseutvikling
  • Sikre godt samarbeid i seksjonen og med relevante interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Vere stadfortredar for seksjonsleiar, med tilhøyrande ansvar ved fråvær
  • Delta i avdelinga sitt leiarteam
  • Følge opp utstyrsbestillinger i samarbeid med fagansvarleg operasjonssjukepleiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Relevant vidareutdanning som operasjonssjukepleiar 
  • Thorax operasjonserfaring er ønskjeleg
  • Leiarerfaring eller erfaring frå fagleg rettleiing er ein fordel
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må kunne dokumentere ferdigheiter i norsk på minimum B2/NOR-U3- nivå eller høgare

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og god i samarbeid med andre
  • Kommuniserer klart og tydelig
  • Evner å jobbe sjølvstendig og i lag med andre
  • Engasjement for pasientar, fag og arbeidsmiljø
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Du evner å beholde roen i stressede situasjoner og får frem det beste i folk
  • Trygg i ledelse av ansatte

Vi tilbyr

  • Ei utviklande leiarrolle i tett samarbeid med seksjonsleiar
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for leiarfagleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit sterkt og engasjert fagmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kristin Helland Mjelde, Seksjonsleiar, +47 91390707, kristin.helland.mjelde@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5129030505
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristin Helland Mjelde

Seksjonsleiar

+47 91390707

kristin.helland.mjelde@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c1eaffc2-bc88-47d0-b417-937a5ee56065

Sist endret

1. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f3215fcb10ae42de9919620ea080dcff

Lignende annonser

Laster lignende annonser