Hopp til innhold

Dekkssjef/overstyrmann Bognes-Skarberget, p.t. MF Lote

Arbeidsgiver

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Sted

8540 Ballangen

Om jobben

Stillingstittel
Overstyrmann i sambandet Bognes-Skarberget, p.t. MF Lote
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Fjord1 er eit framtidsretta selskap med fokus på miljø og teknologi. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og velferdsordningar.

Familievenleg turnus med mykje fri.

Kvifor bør du søke;
  • Du får ei nøkkelrolle i å sikre påliteleg drift.
  • Fleksibel skiftordning: 2 veker på dag, 2 veker fri, 2 veker på natt, og 4 veker fri. Mannskap bur ombord i skiftperiode.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Mykje fritid og ettertrakta turnus

Oppstart: juni 2026.

Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift
  • Vere avløysar for skipsførar
  • Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg
  • Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
  • Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
  • Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet
  • Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
  • Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
  • Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal
  • Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer
  • Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3-sertifikat
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring

Personlege eigenskapar

  • Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
  • Vi tilbyr

    • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
    • Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
    • Gode velferdsordningar.

    Kontaktinformasjon

    Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Arbeidsstad

    8540 Skarberget

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Fjord1 AS

    Referansenr.: 5108807541
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 26.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Sigrunn Hellebust

    Rekrutteringsmedarbeider

    sigrunn.hellebust@fjord1.no

    Om bedriften

    Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.

    Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.

    Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    c1b35be3-09f9-4fc3-bb6a-6b03e96603f8

    Sist endret

    7. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    f0957af32931490e847358e38e4feea8

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser