Er du sjukepleiar og nysgjerrig på hjernen og nervesystemet?
Nevrologisk post, Haugesund Sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. november
Vi har nå ledig to vikariat ved nevrologisk sengepost, med oppstart 05.01.2026. Det ene vikariatet går ut januar 2027 og det andre vikariatet går ut august 2027.
Hos oss får du jobbe tett på pasientar som treng både akutt behandling og tidleg rehabilitering. Kvardagen er variert, og du blir ein del av eit tverrfagleg team med fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og flinke kollegaer som jobbar tett saman.
Avdelinga vår består av poliklinikk, EEG-laboratorium og ein sengepost med 14 plassar – 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon.
Nevrologi er eit spennande fagfelt i rask utvikling – og hos oss får du møte både akutt og kronisk sjuke pasientar. Vi ser heile mennesket, både dei fysiske og psykososiale behova, og jobbar tett på både pasientar og pårørande. Du blir ein del av eit kollegium som stiller opp for kvarandre og gir deg ansvar og støtte i kvardagen.
Vi har fokus på fag og kvalitet – hos oss er både kursdagar og personalmøte ein fast del av turnusen. I 2027 flytter vi inn i heilt nye og moderne lokale, noko vi ser fram til.
👉 Høyres dette spennande ut? Vi håper du har lyst til å bli med oss.
Kva går jobben ut på?
- Ta imot og følgje opp pasientar gjennom heile opphaldet
- Utføre vanlege sjukepleieoppgåver og få opplæring i spesialiserte prosedyrar, som å assistere ved spinalpunksjon, gi intravenøs behandling og handtere trakeostomi
- Gi opplæring og rettleiing til pasientar og pårørande
- Samarbeide tverrfagleg for å sikre eit godt og trygt opphald for pasientane
- Rettleie studentar og bidra til fagleg utvikling i avdelinga
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisert sjukepleiar
- Gode IKT - kunnskapar, gjerne erfaring med DIPS og Meona
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske -statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er motivert, har interesse for faget og møter på jobb med god arbeidsmoral
- Bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt arbeidsmiljø
- Har god vurderingsevne, arbeider strukturert og kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Trivst både med samarbeid og når du jobbar sjølvstendig
- Er nysgjerrig og ser etter løysningar når det trengst
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Varierte arbeidsoppgåver
- Opplæring på spesialkompetanse på tracheostomi
- Fagleg utvikling gjennom kursdagar i turnus og moglegheit for å delta på kurs
- Tilrettelegging for videreutdanning av ansatte i faste stillinger
- Verneombud, tillitsvalgt, kollegastøtteordning, fagsjukepleiar
- God opplæring. Vi tek godt vare på deg heile opplæringstida
- Ein spennande avdeling med godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Håvard Lauritsen Øvrebø, Funksjonsleder, 94841871, havard.lauritsen.ovrebo@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5037730389
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Søknadsfrist: 19.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c19f950a-89b0-46b1-9337-4e4b5b9f1a20
- Sist endret
5. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
98e552489e314fdea4dbf022bb4f7cd4
Lignende annonser
Helsesekretær/sjukepleiar
Arbeidsgiver
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Funksjonsleiar
Arbeidsgiver
Nevrologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Avdeling for eldremedisin, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund