Sjukepleiar for eldre – med omsorg og tryggleik kvar dag
Avdeling for eldremedisin, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar/sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. september
Likar du å dele erfaringar, finne løysingar saman med andre – og samtidig ha det kjekt på jobb?
På geriatrisk sengepost møter du eldre pasientar med samansette utfordringar – og vi gjer det som eit lag. Vi lærer, vi deler, vi tek ansvar når det trengst – og vi sørgjer for at både pasient og kollega blir sett.
Tempoet kan vere høgt – men du står aldri åleine. Vi tar tak, ser kva som må gjerast og vi finn løysingar saman. Her deler vi erfaringar, lærer noko nytt kvar dag – og vi gjer det i eit miljø med både humor, tryggleik og fagleg tyngde.
Vi har òg ein positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og legg i stor grad til rette for at du skal kunne utvikle deg vidare hos oss.
👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Klikk på søkeknappen – vi gler oss til å bli kjent med deg!Kva går jobben ut på?
- Gi sjukepleie til inneliggande pasientar med behov for behandling og observasjon.
- Koordinere og delta i tverrfagleg geriatrisk gjennomgang.
- Bidra til gode pasientforløp.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i geriatri.
- Sjukepleiar med relevant erfaring kan òg søkje.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskaper vert vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter ein trygg og engasjert sjukepleiar som held oversikta i ein travel kvardag og har interesse for pasientgruppa. Du er nysgjerrig, tek initiativ og set pris på eit miljø der vi lærer av kvarandre og står saman som lag.
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- Årsplan med 16 helger i året.
- Fagdagar, kurs og simuleringstrening – vi legg til rette for fagleg utvikling.
- Ei positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og vi tilrettelegg for at du skal kunne utvikle deg vidare
- Kollegastøtteordning – du står aldri åleine.
- Eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Siv Natalie S. Folkvord, Funksjonsleder, 91677518, siv.natalie.byrkjeland.seljestad@helse-fonna.noDoreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4998379555
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a9e5917a-b570-497e-aae6-3416966f59ac
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2e19ad697ab84ae493005e67e57ee023