Vil du leie eit sterkt fagmiljø innan nevrologi?
Nevrologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Funksjonsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 11. november
Då kan du vere den rette for oss! Vi søkjer deg som trivst tett på både fag og folk – og som likar å ha oversikt over ein travel og spennande kvardag.
På nevrologisk poliklinikk får du sjansen til å leie eit engasjert fagmiljø der poliklinisk drift står sentralt, og der samarbeidet på tvers av faggrupper gir rom for både utvikling og arbeidsglede.
Nevrologisk avdeling er ei eigen eining i Medisinsk klinikk, og består av ein aktiv poliklinikk, eit nevrofysiologisk laboratorium og ein sengepost for slag- og nevrologiske pasientar med totalt 14 senger. Hos oss møter du eit tverrfagleg miljø med overlegar, LIS-legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, merkantilt personell og ein logoped – alle med eit felles mål om å gi pasientane den beste behandlinga.
No ser vi etter ein engasjert funksjonsleiar som vil ha hovudansvaret for poliklinikken, det nevrofysiologiske laboratoriet og vårt merkantile personell. Du får eit breitt ansvarsområde som omfattar dagleg drift, fag, personal og økonomi.
Som funksjonsleiar blir du ein del av leiargruppa ved avdelinga, og får vere med å utvikle både det polikliniske tilbodet og avdelinga som heilskap.
Hos oss får du eit arbeidsmiljø prega av fagleg engasjement, tett samarbeid og høg trivsel – der du får vere med å påverke kvardagen for både pasientar og kollegaer.
Vi ser fram til å høyre frå deg! Intervju blir gjennomført fortløpande.
Kva går jobben ut på?
Jobben går mellom anna ut på:
- Fagleg ansvar for fornying og utvikling, og sikre den daglege driften i eininga
- Være ein god ressurs i leiargruppa
- Involvere og følgje opp medarbeidarane
- Ansvarleg for systematisk HMS-arbeid
- Nytte styrings- og rapporteringsverktøy for å sikre effektiv drift
- Jobbe aktivt for å fremme og vedlikehalde det gode arbeidsmiljøet
- Tverrfagleg samarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Leiarerkompetanse er ønskeleg
- Gode IKT kunnskapar
Personlig eigenskapar blir vektlagd
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er engasjert, tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- har høg arbeidskapasitet
- ser etter løysingar
- er motivert for leiing og utvikling
- har gode samarbeidsevner
- er strukturert
Kvifor skal du velje oss?
- Stabilt og dyktig personale
- Triveleg arbeidsmiljø
- God opplæring
- Moglegheit til å påverke utvikling og kvalitet i pasientbehandlinga
- Leiarutviklingsprogram
For å kunne vurdere førerett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eirik Haavik, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5015844743
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Eirik Haavik
Avdelingsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6aab4eba-a315-4f80-8916-6511f51d1343
- Sist endret
28. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2391f07718084bd0ba714202ae1282c1
Lignende annonser
Helsesekretær/sjukepleiar
Arbeidsgiver
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Funksjonsleiar Merkantil HDPS
Arbeidsgiver
Merkantile tjenester Haugaland DPS Haugesund
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Helse Fonna HF
Sted
Kopervik