Er du sjukepleiar eller helsesekretær?
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesekretær/sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. november
Sjå her, vi treng deg som ønskjer å videreutvikle den merkantile tenesta vår. 
Ved Nevrologisk eining på Haugesund sjukehus søkjer vi no etter deg som ønskjer å bidra til eit godt pasienttilbod og eit sterkt tverrfagleg fellesskap. 
Vi ser gjerne at du har erfaring frå helsevesenet og at du har eit oppriktig engasjement for kvalitet og samarbeid.
Hos oss finn du poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og sengepost for slag/nevro med til saman 14 senger. Det er eit tett og godt samarbeid mellom einingane, og du blir del av eit inkluderande miljø med overlegar, LIS-legar, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, merkantilt personell – og ein logoped som styrkjer vårt tverrfaglege tilbod.
Vi ser fram til å motta søknaden din!
Kva går jobben ut på?
- Vidareutvikle den merkantile tenesta og poliklinikken
- Ha ansvar for arbeidsoppgåver i det pasientadministrative systemet DIPS
- Støtte den polikliniske drifta og bidra til god flyt i undersøkingar og avtalar
- Assistere ved undersøkingar knytte til den polikliniske drifta – dette kan bli ei aktuell arbeidsoppgåve
- Koordinere pasientflyt og samarbeide tett med faggruppene
- Handtere timeinnkallingar og oppfølging av pasientar
- Svara på telefonar og digitale førespurnader
- Organisere pasienttransport og tolketenester
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Autorisasjon som helsesekretær eller sjukepleiar
- Ønskeleg med sjukehuserfaring
- Gode datakunnskaper er ønskelig og erfaring med DIPS og Elements er ein fordel
- Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andremorsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, måminimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggastsøknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvikakravet om bestått norsktest på B2-nivå
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er oppteken av god pasientbehandling
- kan arbeide både sjølvstendig og i team
- er nysgjerrig og liker å lære
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
- tverrfaglig og aktivt miljø der det er mykje som skjer
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
- Eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Gode kollegaer og spanande arbeidsoppgåver
- Dagtid og ein variert, triveleg kvardag
- Ein arbeidsplass i utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eirik Haavik, AvdelingsleiarArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5027407419
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Eirik Haavik
Avdelingsleiar
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
- Sektor 
- Offentlig 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- 4cfbbda0-9da9-484a-b226-fb3ff079fc03 
- Sist endret
- 27. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 92665d111a524609b540958787bac299 
Lignende annonser
Funksjonsleiar
Arbeidsgiver
Nevrologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Gastrokirurgisk/urologisk post Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund
Sjukepleiar
Arbeidsgiver
Ortopedisk post, Haugesund Sjukehus
Sted
Haugesund