Hopp til innhold

Vil du vere ein pådrivar for effektiv drift og kontinuerleg forbetring?

Arbeidsgiver

Hardanger Seafood AS

Sted

5443 Bømlo

Om jobben

Stillingstittel
Teknisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Hardanger Seafood er mykje meir enn eit lakseslakteri. På få år har verksemda gått frå oppstart til å bli eit av dei mest moderne og teknologisk avanserte produksjonsanlegga for sjømat på Vestlandet. Med høg grad av automatisering og avanserte robot- og styringssystem handterer fabrikken rundt 40.000 tonn fisk årleg, tilsvarande 350 000 middagar kvar einaste dag gjennom heile året.Bak kvar leveranse ligg eit avansert samspel mellom teknologi, menneske og presisjon. Her møter avansert prosessteknologi eit komplekst produksjonsmiljø med vatn, tempo og kompromisslaust krav til kvalitet, hygiene og mattryggleik. Samtidig er dette ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag: å sikre ei trygg og berekraftig matforsyning til kundar og sluttbrukarar over heile verda.No søker me ein teknisk leiar som vil vere med å ta oss vidare inn i neste fase. Her vil du arbeide for å sikre stabil drift, minimere nedetid, vidareutvikle både tekniske system og ikkje minst leie menneska i avdelinga. Du blir ein del av eit produksjonsmiljø der kvart minutt tel, og der førebygging, god struktur og problemløysing er avgjerande for å lukkast. Rolla kombinerer personalansvar og fysisk nærvær på fabrikken, med strategisk arbeid og involvering i ulike prosjekt.Me ser etter deg som ønsker å arbeide med moderne teknologi i eit komplekst produksjonsmiljø med eit høgt aktivitetsnivå. Her får du vere med å påverke og forme framtidas sjømatproduksjon i eit selskap med store ambisjonar.DINE ARBEIDSOPPGÅVER:
  • Sikre stabil drift og minimere nedetid i produksjonen
  • Planlegge og følge opp førebyggande og korrigerande vedlikehald
  • Leie og utvikle teknisk avdeling, og bidra operativt ved behov
  • Vidareutvikle rutinar, system og vedlikehaldsprosessar, og bidra til kontinuerleg forbetringsarbeid og vidare utvikling av fabrikken
  • Følge opp leverandørar, servicepartnarar og prosjekt
  • Sikre etterleving av HMS, hygiene, mattryggleik og tekniske krav
  • Samarbeide tett med produksjon, kvalitet og resten av leiargruppa
DIN KOMPETANSE:
  • Minimum fagbrev, fortrinnsvis frå mekanisk, elektro eller automasjon
  • Erfaring frå relevant teknisk drift, vedlikehald eller produksjonsmiljø
  • Erfaring frå prosessindustri, næringsmiddelindustri, havbruk eller annan kompleks produksjon er ein fordel
  • Kjennskap til SCADA-system er ein fordel
  • Erfaring med leiing eller koordinering av team er ønskeleg
  • Gode digitale ferdigheiter og forståing og interesse for teknologi, tekniske system og automasjon
DINE PERSONLEGE EIGENSKAPAR:
  • Du har teknisk kompetanse og forståing for kompleks drift
  • Du er strukturert og likar å arbeide systematisk
  • Du evnar å kombinere langsiktig planlegging med raske avgjerder i kvardagen
  • Du er tilgjengeleg, jordnær og trygg i møte med folk
  • Du trivst både med leiing og praktisk arbeid
  • Du er nyfiken på teknologi og kontinuerleg forbetring
ME TILBYR:
  • Ei viktig rolle i eit av Vestlandet sine mest moderne produksjonsanlegg
  • Eit sterkt fagmiljø med kort veg til avgjerder, i ei framtidsretta bedrift med fokus på teknologi, kvalitet og berekraft
  • Varierte dagar med høg aktivitet og spanande utfordringar
  • Konkurransedyktige vilkår

Arbeidsstad:     Langevåg

Søknadsfrist:    14. juni

 

Interessert? 

Me kan tilby deg ein uforpliktande og konfidensiell prat om stillinga. Ta kontakt med våre rådgivarar i Human, Henrik Brandtzæg, på mob 938 36 99 eller Synnøve Jøssang, på mob 916 43 229.

Spørsmål kan også rettast til dagleg leiar Einar Eide, på mob 971 94 007.

Kontaktpersoner for stillingen

Henrik Brandtzæg

Senior Consultant

93836995

henrik@human-as.no

Synnøve Jøssang

Consultant

91643229

synnove@human-as.no

Om bedriften

Hardanger Seafood AS er eitt av dei mest moderne lakseslakteria på Vestlandet og held til på Langevåg på Bømlo. Selskapet vart etablert i 2020 og er eigd av Eidesvik Laks, Fylkesnes Fisk, Lingalaks og Tombre Fiskeanlegg. Med høg grad av automatisering, moderne fasilitetar og stor produksjonskapasitet slaktar, pakkar og frys Hardanger Seafood laks og aure for oppdrettarar på Vestlandet. Verksemda har eit sterkt fokus på kvalitet, mattryggleik, berekraft og kontinuerleg utvikling, og leverer sjømat til kundar over heile verda.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

c0f067a4-28aa-4828-99e9-a02033b4b81c

Sist endret

26. mai 2026

Hentet fra

recman

Referanse

477917

Lignende annonser

Laster lignende annonser