Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Ortopedisk sengepost Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Oppstart
1. februar 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 90%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vi har ledig eit 90% vikariat for helsefagarbeidar på Ortopedisk og revmatologisk sengepost.

Vi er ein sengepost med 20 sengeplassar, og du får du jobbe med både revmatologisk og ortopedisk fagfelt. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta. Seksjonen er i omstilling og skal etter planen få tilført fleire spennande kirurgiske fagområder framover.

Om du vil vere med på laget vårt, håpar vi du søkjer – vi ser fram til å høyre frå deg!Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere pleie i forhold til pasientar
  • Pre og postoperativ pleie
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit 
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Seksjonen jobbar aktivt med jobbgliding og har for tida eit prosjekt som jobbar med jobbgliding frå sjukepleiar til helsefagarbeidar.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller tilsvarande
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er engasjert og lærevillig 
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar 
  • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5049779445
Stillingsprosent: 90%
Vikariat
Startdato: 01.02.2026
Sluttdato: 31.01.2027
Søknadsfrist: 22.12.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bd0c1f21-7444-4104-bab1-3bf543109a39

Sist endret

23. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

331bc84f39814b5f86b2284c8092cf57

Lignende annonser

Laster lignende annonser