Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Oppstart
1. mai 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest torsdag 7. mai

Vi har ledig ei 100% fast stilling og ei 80% fast stilling som sjukepleiar ved Kirurgisk sengepost A.

Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette en ypparleg moglegheit for deg som ønsker å utvikle dine ferdigheter og få erfaring innan desse spesialfelta.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!
Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
  • Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver 
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrar
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit 
  • Rettleiing av studentar og kollegaer 
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • 3 års sjukepleierstudentar som mottek autorisasjon som sjukepleiar sommaren 2026 kan også søke
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er engasjert og lærevillig 
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar 
  • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5092551374
Stillingsprosent: 80, 100%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 07.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Andre Giskegjerde Høybakk

Seksjonsleiar

+47 70 10 58 17

andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b971b981-f9e1-4b5d-8031-97f027894bef

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cf1d8ecd38d148b39a59e1ed31a75fe8

Lignende annonser

Laster lignende annonser