ID 2408 Sjukepleiarar - Stord sjukeheim
Stord kommune
5417 Stord
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar, spesialajukepleiar
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, kveld og dagtid, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Eining for institusjon har ansvar for sjukeheim og heildøgnsomsorg i Stord kommune. Stord sjukeheim har 117 plassar fordelt på 6 avdelingar.
Det er ledig 2 faste 100% stillingar for sjukepleiarar ved avdeling somatisk avdeling Knausen/Kringsjå på Stord sjukeheimStillingane har i utgangspunktet langvakter 13,5 time og arbeid kvar 4,helg. Dersom du ynskjer dag/kveld med hovudvekt av dagvakter er dette og mogleg. Arbeid vert då med kvar 3. helg
Som sjukepleiar i avdelinga vil du vere ein del av ei større faggruppe som jobbar tverrfagleg både innad i avdeling og i eininga.
Arbeids- og ansvarsområde:Du vil få ta del i og ha ansvar for
-
Samhandling og tverrfagleg samarbeid
-
Tiltak, evaluering og dokumentering
-
Fagprosedyrar, ansvarsoppgåver som sjukepleiar, tett samarbeid med lege og spesialisthelsetenesta
-
Palliativ og lindrande behandling i livets sluttfase.
-
Legemiddelhandsaming
-
Delta i fagdagar med ulike eksterne og interne førelesarar.
-
Faste sjukepleiarmøter og fellesskap med resten av sjukepleiargruppa i eininga
-
Bidra fagleg inn i tilsettgruppa og kunna vegleia kollegaer og andre i sjukepleiefaglege vurderingar og oppgåver
Me vil vektlegga:
-
Personlege eigenskapar i samhandling og kommunikasjon.
-
Brukarorientert tilnærming
-
Evne til å vera nyskapande i arbeidet
-
Gjerne erfaring frå arbeid innan geriatri
-
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
-
Er du ferdig utdanna til sommaren 2026 ynskjer me gjerne at du søkjer. Stord kommune kan tilby gode bonusordningar til sjukepleiarstudentar som ynskjer å jobbe i sommar og vil gå over i fast stilling etterpå.
-
Meistre norsk skriftleg og munnleg.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentlig tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Britt Nelly Hystad Barane, einingsleiar mob 92486358, Britt.Nelly.Hystad.Barane@stord.kommune.no
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og barnehagelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bb3048c9-4d09-4aa4-9ae4-f1bf5a18a655
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
bb3048c9-4d09-4aa4-9ae4-f1bf5a18a655
Lignende annonser
Helsefagleg kompetanse, assistentar, studentar
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Sted
Os
Sjukepleiar / Vernepleiar - 100 % fast
Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester
Sted
Eikelandsosen