Hopp til innhold

ID 2441 Helsefagarbeidarar - Tenester til heimebuande

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, kveld og dagtid, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Er du ein engasjert helsefagarbeidar med interesse for demensomsorg, og ønskjer du å bidra til ein trygg og meiningsfull kvardag for personar med demens og deira pårørande? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!

Heimebaserte tenester i Stord kommune er organisert i område med eigne helseteam. Demensteamet gir målretta og fagleg sterke tenester til heimebuande personar med demens. Me jobbar systematisk med kompetanse, tverrfagleg samarbeid og oppgåvedeling.

Me har ledig følgjande faste stillingar for helsefagarbeidarar i demensteam.
  • 2 x 100 % stilling

  • 1 x 70 % stilling, med moglegheit for 100% gjennom arbeid i andre avdelingar i eininga.

Arbeidstidsordning

Arbeidstid etter avtale. Følgjande alternativ kan vere aktuelle:

  • Langvaktsturnus med langvakter kvar 4. helg i årsturnus

  • Turnus dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus.

Arbeidsoppgåver
  • Utøve personsentrert omsorg til heimebuande personar med demens, med fokus på verdigheit, meistring og livskvalitet

  • Arbeide målretta for å skape struktur, tryggleik og føreseieleg kvardag, og bidra til å førebyggje uro, fall og funksjonsfall

  • Yte helsehjelp isamsvar med vedtak, og melde frå ved behov for justering av tenestene

  • Samarbeide tett med pårørande, kollegaer og andre faggrupper for å sikre samanhengande og koordinerte tenester

  • Utføre dokumentasjon og fagleg oppfølging i tråd med gjeldande rutinar, lovverk og krav til kvalitet

  • Medverke aktivt i demensteamet, inkludert fagleg utvikling, refleksjon og kvalitetsforbetring

  • Arbeide etter prinsippet <<Kva er viktig for deg?>>, og inkludere brukar og pårørande i planlegging og gjennomføring av tenestene

Kvalifikasjonskrav
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar

  • Personar med relevant erfaring som er i løp mot fagbrev, samt lærlingar på siste året, er også velkomne til å søkje.

  • Erfaring frå, eller sterk interesse for, arbeid med demens

  • Erfaring frå eldreomsorg er ein fordel

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

  • Førarkort klasse B

  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Me ser etter deg som
  • er trygg, tolmodig og har god relasjonskompetanse

  • har interesse for fagleg utvikling og ønskjer å bidra til kontinuerleg kvalitetsforbetring

  • ønskjer å arbeide innan demensomsorga og har respekt for brukaren si livssituasjon

  • taklar ein variert og til tider krevjande arbeidskvardag

  • arbeider sjølvstendig, strukturert og ansvarleg innanfor gitte rammer

  • har gode samarbeidsevner og kommuniserer godt med brukarar, pårørande og fagmiljø

  • er medviten om eiga rolle og ansvar knytt til vedtak, fagleg forsvarlegheit og etiske vurderingar

  • tek i bruk velferdsteknologi aktivt i arbeidskvardagen og bidreg i utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar vert vektlagde.

Me tilbyr
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Engasjerte kollegaer med høg fagleg kompetanse innan demensomsorg

  • God opplæring og tett oppfølging

  • Arbeid i eit fagmiljø med fokus på kvalitet, ansvar og oppgåvedeling

  • IA-bedrift og bedriftshelseteneste

  • Tilgang til Stord Ve og Vel (leige av leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og utstyr)

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Kontaktinformasjon:

Kristin Steinsland, einingsleiar 41 69 42 66, Renate Matre, avdelingsleiar 924 06 497

Kontaktperson for stillingen

Kristin Steinsland

Einingsleiar

41 69 42 66

kristin.steinsland@stord.kommune.no

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Vestland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

64951c62-ce53-4e86-be7d-658a1f8c523b

Sist endret

30. mars 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

64951c62-ce53-4e86-be7d-658a1f8c523b

Lignende annonser

Laster lignende annonser