Vi har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar!
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
Holen 1, 5200 Os
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. april
Ledig fast 100% stilling Avdeling 3 i 1 år- etter dette er stillinga tilknytt ressursbemanningsavdeling i Heimetenesta Os
Stillinga er i turnus med arbeid på helg etter gjeldande turnusavtale.
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vera den rette for oss!
Heimesjukepleien er ein kjekk arbeidsplass der du får arbeide med flotte medarbeidere. Vårt mål er at alle brukere skal få bu i eigen heim så lenge dei kan. Arbeidet er variert, hektisk og innimellom litt uforutsigbart. Vi ønsker ein fleksibel og løysningsorientert medarbeider og håpar at du vil vera med å jobbe ein stad som er i stadig utvikling.
- Utøva klinisk sjukepleie som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med og rettleie yrkesgrupper innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
- Autorisasjon som sjukepleiar eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning
- Førarkort kl. B
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner med godt humør
- Evne til å møte andre på ein respektfull måte,-brukaren sin heim er vår arbeidsplass
- Du må vera fleksibel, løysingsorientert, lojal og pliktoppfyllande
- Kan jobbe både sjølvstendig og i godt samarbeid med andre
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
- Løn etter gjeldande avtalar. For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Vi har øvingsrom med mogelegheit å øve på prosedyrer
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c2a03780-0e70-4622-8c4f-c8339cad6d96
- Sist endret
27. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3611741_196057_nn