Hopp til innhold

Fagarbeidar- Bu og habilitering, Bakk-Ola-marka

Arbeidsgiver

Ørsta kommune, Bu og Habilitering

Sted

Anders Hovden-gata 27, 6153 Ørsta

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

I Ørsta kommune er det ledig 3 delt stilling for helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er f.t. plassert i kommunalområdet Helse, omsorg og velferd med tenesteområde Bu og habilitering -Bakk-Ola-marka. Bu og habilitering har ansvar for tenester til menneske med utviklingshemming og andre med funksjonsnedsetjingar som treng bistand eller tenester for å bu i eigen heim. 

Vi søkjer etter deg som har kunnskap, erfaring og har interesse for arbeid med menneske med utfordrande åtferd og utviklingshemming. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med  kommunen sitt behov til ei kvar tid.


Arbeidsoppgåver

  • Legge til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha eit tilbod som fremmar ein kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
  • Sikre opplæring i daglege gjeremål, ADL-trening og meistring av eigen kvardag
  • Sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg        
Justeringar og endringar innan for arbeidsgjevar sin styringsrett kan skje i samsvar med det som er kommunen sine behov til ei kvar tid.

Kvalifikasjonar

  • off. godkjent helsefagarbeidar eller barne-og ungdomsarbeidar
  • Relevant arbeidserfaring 
  • Det er ein fordel om du har førarkort klasse B, manuell gir
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing 

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer at du: 

  • har kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
  • er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • har evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig 
  • har evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon

 

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. I enkelte tilfelle vil det bli nytta gruppeintervju. 

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode forsikrings og pensjonsvilkår:
    Ørsta kommune har gode forsikringsordningar i KLP for sine tilsette, som også inkl. frivillig ulukkesforsikring på fritida. 
    Som tilsett i Ørsta kommune får du del i ei av Noreg sine sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å jobbe og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje.
    Som medlem i KLP får du i tillegg tilgong til ekstra gode vilkår på bank, forsikring og sparing.
  •  

    Arbeidsvilkår: Dag/kveld/natt inkl helgar

    Stillinga er plassert i HTA kap. 4.gr1.2- Fagarbeidarstilling
    Stillingskode: 7076 helsefagarbeidar/ 7517 fagarbeidar

    Tilsetting elles i samsvar med gjeldande lov- og regelverk.

    Prøvetid
    Prøvetid i faste stillingar er 6 mnd. I lengre vikariat er det høvesvis. Fråvær går til fråtrekk. Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei rettar som går fram av gjeldande tariffavtalar og kommunale reglement. Kommunen har pensjons- og forsikringsordning for sine tilsette i KLP.

    Intern søkjar
    Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller har andre faktorar knytt til lov- og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. jf AML §14.

    Dokumentasjon 
    Vitnemål/lenke til vitnemålsportalen og attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Originale/bekrefta kopiar skal takast med til intervju. Vitnemål og attestar dannar grunnlaget for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber difor at du sender inn dokumentasjon på alle tidlegare arbeidsforhold. Attesten må innehalde dato frå-til, samt stillingsstørrelse eller antal timar.

    Om offentleglova
    Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste, i samsvar med offentleglova §25. Ønsker du å at namnet ditt skal vere unnateke frå den offentlege søkarlista, må du grunngje dette i søknadsskjemaet. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil du få beskjed og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

    Kontaktinformasjon

    Laila Langøy Sivertsen, konstituert avdelingsleiar, 900 12 175, laila.langoy.sivertsen@orsta.kommune.no
    Guro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no

    Arbeidsstad

    Anders Hovden-gata 27
    6153 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune

    Referansenr.: 5076921024
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 01.03.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Guro Bakke Liaskar

    Tenesteleiar

    90103223

    guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no

    Laila Langøy Sivertsen

    konstituert avdelingsleiar

    900 12 175

    laila.langoy.sivertsen@orsta.kommune.no

    Om bedriften

    Ørsta kommune er med  om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og næringsliv. Den gode geografiske plasseringa vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire daglege direkteruter til Oslo og Bergen.

    Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
    Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
    Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
    Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver

    Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap

    Heiltidskultur og inkludering
    Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid. 

    Ørsta kommune skal i størst mogleg grad avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsnedsetting, kulturell bakgrunn eller hol i CV `en. Tilsettinga skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av lov, tariffavtaler og reglement. 

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b9a03a5a-f54a-4459-bbdb-cdaf9ae3b027

    Sist endret

    10. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    8fe90059d325405b90f4a6baf17d5637

    Lignende annonser