Anestesisjukepleiar – likar du når det skjer litt rundt deg?
Anestesienhet, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Anestesisjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. desember
Hos oss skjer det ofte litt rundt deg – og du har alltid eit lag med deg når det skjer.
Når alarmen går, pustar du med magen, finn plassen din i teamet og brukar både hovudet og hjartet for at pasienten skal kjenne seg trygg. Som anestesisjukepleiar hos oss står du midt i akuttfaget – tett på operasjon, beredskap og dei viktigaste augeblikka i livet til folk.
Vi er ei felles anestesi- og operasjonsavdeling som jobbar med mange ulike typar kirurgi. Avdelinga er ikkje delt inn i små seksjonar, så du får jobbe breitt – frå korte, enkle inngrep til større og meir komplekse operasjonar. Kvardagen spenner frå planlagde operasjonar til akutte alarmar som keisarsnitt, hjartestans og traume – vi strekker oss langt for å få gjennom dagsprogrammet, og tek vare på kvarandre undervegs.
Nytilsette fortel at dei trivst godt og opplever eit arbeidsmiljø med kollegastøtte, debrief og rom for læring og faglege samtalar. Her får du nødvendig opplæring i prosedyrar og utstyr, og gode moglegheiter til å byggje vidare på kompetansen din gjennom kurs, fagdagar, simulering og internundervisning.
👉 Høyrest dette ut som ein arbeidskvardag du kunne trivst i? Då håpar vi du vil sende oss ein søknad.
Kva går jobben ut på?
Som anestesisjukepleiar hos oss vil du blant anna:
- Planleggje og gjennomføre ulike former for anestesi til operasjonspasientar i samarbeid med anestesilege.
- Jobbe innan fagområde som ortopedi, kar/endokrin, gynekologi/obstetrikk, gastrokirurgi, urologi, ØNH og auge.
- Delta i arbeid på til dømes røntgen/intervensjon, ØNH og ved ECT-behandling.
- Vere del av akuttberedskapen ved sjukehuset.
- Bidra i anestesipoliklinikk saman med anestesilegar.
- Delta i fagutvikling, simulering og internundervisning.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i anestesisjukepleie.
- Grunnleggande IKT-kompetanse (M365 og liknande verktøy).
- Erfaring frå sjukehus som anestesisjukepleiar (nyutdanna er òg velkomne til å søkje).
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråkleg vidaregåande skule, må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon skal leggjast ved søknad.
Vi bruker system som GAT, DIPS, ORBIT og MEONA i kvardagen.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi treng deg som:
- tek ansvar i eiga rolle, er trygg i avgjerdene dine og tør å be om hjelp når det trengst
- handterer hektiske situasjonar med ro og struktur, og klarer å prioritere når mykje skjer på ein gong
- likar å jobbe tett saman med andre faggrupper, og kommuniserer tydeleg
- ser etter gode løysingar og bidreg til eit trygt og positivt arbeidsmiljø
- er fagleg nysgjerrig, held deg oppdatert og delar kunnskapen din
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Kvifor skal du velje oss?
Hos oss får du:
- eit godt arbeidsmiljø med fokus på kollegastøtte, debrief og samtalar etter vanskelege situasjonar
- moglegheit for kurs, fagdagar, simulering og bruk av tilleggskompetanse
- tredelt turnus med vakt kvar 4. helg og årsturnus der du kan kome med eigne ønskje, og tilpassing etter livsfase så langt rammene tillet
- ei felles anestesi/operasjonsavdeling utan seksjonering eller subspesialisering – du får brei erfaring og blir ein sterk generalist
- kort veg til både fjord, fjell og variert friluftsliv
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tove Hestdal, Funksjonsleiar, +4747282813, tove.hestdal@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5044872407
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b90555fe-fb5f-4d2c-84c5-6969b970f9ed
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
de14d0b1878b46ad85bc5216f61d2ab7
Lignende annonser
2. års sjukepleiarstudent
Arbeidsgiver
Valen sjukehus
Sted
Haugesund
Sykepleier
Arbeidsgiver
Hemato/endo/infeksjon sengepost Haugesund
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Avdeling for eldremedisin, Haugesund sjukehus
Sted
Haugesund