Juridisk rådgjevar
Om Kartverket
Sandvikevegen 9, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Juridisk rådgjevar Ullensvang
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest onsdag 13. mai
Om stillinga
Kartverket søker jurist som vil vere med og sikre korrekt og effektiv juridisk saksbehandling i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du brukt juridisk kompetanse i praksis, arbeide med komplekse og meiningsfulle saker og bli ein del av et sterkt fagmiljø med høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar.
Du vil bli tilsett ved Kartverket sitt kundesenter som ligg i Kinsarvik i Ullensvang kommune i Hardanger. Kundesenteret er ein sentral del av Kartverekt si førstelinjeteneste og er det punktet dei fleste brukarar møter når dei tek kontakt med oss.
Ved kundesenteret jobbar det om lag 45 medarbeidarar, som handterer ei brei mengd førespurnader frå både privatpersonar og profesjonelle aktørar som bankar, meklarar og advokatar. Dei gir rettleiing og svar på spørsmål knytte til mellom anna tinglysing, eigedom, grenser, matrikkel og andre kart- og eigedomstenester.
Arbeidsoppgåver
- Juridisk saksbehandling
- Juridisk rettleiing internt og eksternt
- Fagleg støtte til kundesenteret med vekt på skriftleg kommunikasjon i elektroniske kanalar som e-post, chat og nettsider
- Fagansvarleg/registerførar for tinglysing av andelar i burettslag
- Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga
Kvalifikasjonar
- Master i rettsvitskap eller juridisk embetseksamen
- Utenlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg
- Erfaring frå offentleg forvaltning og saksbehandling, særleg innan eigedomsfaga
- Gode samarbeideigenskapar
- Tek gode avgjerder
- Tenker heilskapeleg
- Skaper resultat
- Viser fagleg engasjement
Me tilbyr
- Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Stillinga blir løna som 1434 rådgvier, fra kr. 600 000,- til kr. 750 000,- etter kvalifikasjonar
- Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
Vi trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set vi brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Vi har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.
Om søknaden din
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fra sjø til land. Fra det ytterste verdensrommet til dypeste havbunner. Vi i Kartverket vet at alt skjer et sted, og at geografisk informasjon og eiendomsinformasjon er viktige komponenter i utviklingen av bærekraftige samfunn og nye digitale, produkter og tjenester.
Våre ambisjoner på vegne av Norge er store. Vi er over 800 stolte kartverksansatte som hver dag står opp og bidrar til Norge skal bli ledende i bruken av geografisk informasjon. I 2024 ble vi tildelt den prestisjefylte "Bedre Stat"-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eiendomshandel.
Vår jobb er å gjøre det enkelt å samle, bearbeide og dele stedfestet informasjon.Våre data spiller en nøkkelrolle i fremtidens bærekraftige samfunn og for å finne svare på fremtidens klimautfordringer. Vi er statens fagorgan for kart, geodata og eiendomsinformasjon. Vår oppgave er å bygge og vedlikeholde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommuner, statlige organer og private aktører.
Vi har 13 kontorsteder fra sør til nord, samt et jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket ble etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Norge.
Vi trenger stadig flere på laget. Kanskje du blir en av oss?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b8f468f6-fee2-4a04-b38d-90fe0f0cca46
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10294081