Hopp til innhold

Prosjekteringsleiar

Arbeidsgiver

INV - Prosjektering, Vestland fylkeskommune

Sted

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Prosjekteringsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest fredag 16. oktober

Som prosjekteringsleiar hjå oss får du ei sentral rolle i utviklinga og gjennomføringa av veg- og infrastrukturprosjekt i Vestland. Du skal få ulike fag, aktørar og løysingar til å spele saman – og bidra til at det vi planlegg, faktisk kan byggjast.

Du blir ein nøkkelperson i prosjektorganisasjonen og jobbar tett med prosjektleiar, byggeleiar, rådgivarar og interne fagressursar. Saman skal de finne gode og gjennomførbare løysingar med rett kvalitet, kostnad og funksjon.

Stillinga høyrer til seksjon Prosjektering i avdeling Vegfag, under Infrastruktur og veg (INV). Her blir du del av eit sterkt tverrfagleg miljø som arbeider med prosjekt i heile Vestland.


Arbeidsoppgåver

Som prosjekteringsleiar får du ansvar for å leie og koordinere prosjekteringa i komplekse prosjekt. Du følgjer arbeidet gjennom ulike fasar – frå konkurransegrunnlag og prosjektering til løysingane er klare for bygging og gjennomføring.

Du vil mellom anna:

  • Etablere og leie prosjekteringsgrupper med rett samansett kompetanse
  • Koordinere samarbeidet mellom rådgivarar, leverandørar og interne fagmiljø
  • Følgje opp framdrift, kvalitet og leveransar frå prosjekteringsgruppa
  • Utarbeide konkurransegrunnlag, beskrivingar, modellar og teikningar ved hjelp av interne og eksterne ressursar
  • Handtere grensesnitt og avhengigheiter mellom fag, aktørar og entrepriseformer
  • Bidra til å vurdere og optimalisere tekniske løysingar med omsyn til kvalitet, kostnad, funksjon og gjennomføring
  • Identifisere og handtere risiko og avvik tidleg, før dei får konsekvensar ute på anlegget
  • Vere ein pådrivar for gode digitale og modellbaserte arbeidsmetodar i prosjekta
  •  

    Hjå oss er prosjekteringsleiing meir enn å koordinere leveransar. Du skal bidra til å skape heilskap, stille dei gode spørsmåla og sørgje for at vala vi tek i prosjekteringa, gir gode løysingar når dei skal byggjast og takast i bruk.

      Kven er du?

      Vi ser etter deg som trivst i skjeringspunktet mellom fag, menneske og gjennomføring. Du klarer å sjå heilskapen i komplekse prosjekt, samtidig som du fangar opp detaljane og grensesnitta som kan bli avgjerande seinare.

      Du treng ikkje sitje med alle svara sjølv. Men du må kunne samle rett kompetanse, stille gode spørsmål, skape framdrift og få ulike fagmiljø til å arbeide mot same mål.

      Vi ser etter deg som har:

    • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan bygg, anlegg eller tekniske fag. Fleire års relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
    • Relevant erfaring frå prosjektering eller prosjekteringsleiing i anleggsprosjekt
    • God forståing for tverrfagleg prosjektering og komplekse grensesnitt
    • Kjennskap til modellbasert prosjektering og relevante metodar for effektiv prosjektgjennomføring
    • Kjennskap til Statens vegvesen sine handbøker
      • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
      • Førarkort klasse B
      • Vi legg vekt på at du

        Arbeider strukturert og målretta og klarer å halde oversikta når mykje skjer samtidig. Du kommuniserer tydeleg, byggjer gode relasjonar og får folk med ulik fagbakgrunn til å samarbeide godt.

        Du tek initiativ, leitar etter løysingar og er trygg nok til å ta ansvar – og nysgjerrig nok til å utfordre etablerte arbeidsmåtar når det finst betre måtar å løyse oppgåva på.

        Kvifor velje oss?

        Hjå oss får du arbeide med prosjekt som blir ein del av kvardagen til folk i Vestland i mange år framover. Prosjekta varierer i både storleik og kompleksitet, og du får reelt ansvar og handlingsrom i rolla.

        Du blir del av eit sterkt fagmiljø der vi deler kunnskap, utfordrar kvarandre og samarbeider på tvers av fag. Du får gode moglegheiter til å utvikle deg gjennom varierte prosjekt, tett samarbeid med erfarne kollegaer og kontinuerleg kompetansebygging.

        Og kanskje viktigast: Du får vere med frå løysingane tek form på skjermen, til dei møter røynda ute på anlegget.

        Kontaktinformasjon

        Trine Gjerde Hansen, Trine.Gjerde.Hansen@vlfk.no

        Arbeidsstad

        Lars Hilles gate 22
        5008 Bergen

        Nøkkelinformasjon:

        Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

        Referansenr.: 5118658297
        Stillingsprosent: 100%
        Fast
        Søknadsfrist: 16.10.2026

        Kontaktperson for stillingen

        Trine Gjerde Hansen

        Trine.Gjerde.Hansen@vlfk.no

        Om bedriften

        Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

        Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

        Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

        Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

        Sektor

        Offentlig

        Del annonsen

        Annonsedata

        Rapporter annonse
        Stillingsnummer

        a1f45b6f-13e3-4308-aa54-0cc0e3cac791

        Sist endret

        22. september 2026

        Hentet fra

        talentech

        Referanse

        f38fc3385c4c443aaa68b4121becaae9

        Lignende annonser

        Laster lignende annonser