Hopp til innhold

Ringevikar

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Skjold barnehage

Sted

Vikanesvegen 18, 5574 Skjold

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Antall stillinger
4
Arbeidsspråk
Norsk
Mulighet for hjemmekontorAI
Ingen mulighet for hjemmekontor
AI

Bruk av kunstig intelligens

Vil du bli ringevikar i Skjold barnehage?

Me i Skjold barnehage har behov for engasjerte og fleksible ringevikarar som kan stille på kort varsel. 
Kanskje er du ein ungdom med friår som ynskjer å jobbe med barn? Eller kanskje er du heimeverande og kunne tenkje deg ein meiningsfull og variert jobb i eit triveleg miljø?
Arbeidet vil vere på ulike avdelingar, både med småbarn og storbarn. Me ser etter deg som har lyst til å bidra til ein trygg og god kvardag for barna våre, saman med eit fagleg sterkt og inkluderande personalteam.

Me kan tilby:
  • Ein jobb med meinig og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong med den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. 
Kvalifikasjonar:
  • Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.
  • Du må vera personleg eigna for å jobba i barnehage.  
  • Du må kunne framvisa godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar:
  • Du er positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik, og er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Du må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
  • Du må kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kolleger.
  • I Vindafjord nyttar me nynorsk som skriftspråk, og du må kunne prata og forstå godt norsk.

Personlege egenskaper vert vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Skjold barnehage er ein 8-avdelings barnehage som ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
  • Me har eit aktivt og engasjert personale.
  • Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette.

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b8714933-025c-48fb-8461-5e23cad38cf3

Sist endret

1. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3538239_228567_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser