Rådgjevar
Kompetansesenter for distriktsutvikling
Askedalen 4, 6863 Leikanger
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. desember
Som rådgjevar vil du jobbe mykje med å
- Sakshandsame søknadar om støtte og utbetalingsførespurnadar.
- Gi råd og rettleiing til butikkane og Merkur-konsulentane.
- Følge opp tilsegn om støtte.
- Følge opp budsjett for Merkur-området.
- Etablere og følgje opp rutinar for saksbehandling og rapportering.
- Avstemmings- og kontrolloppgåver.
- har økonomi- og/eller jusutdanning, minimum på bachelornivå. I særskilde tilfelle kan erfaring kompensere for utdanningskravet.
- har minimum 3 års relevant erfaring.
- er kjent med å bruke digitale verktøy, gjerne Excel og Power BI.
- har god skriftleg og munnleg framstillingsevne og eit bevisst forhold til klarspråk og beherskar begge målformer.
- Du er nøyaktig og strukturert.
- Du er løysingsorientert, omgjengeleg og lett å kommunisere med.
- Du har god vurderingsevne og evnar å sjå moglegheiter.
- Du er sjølvstendig, og jobbar godt saman med andre.
- Du møter butikkar og konsulentar på ein trygg og kompetent måte.
- konkurransedyktig løn
- fleksibel arbeidstid og familievenleg personalpolitikk
- godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape resultat saman.
- fagleg utvikling, arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spanande samfunnsoppdrag.
- trening i arbeidstida.
- medlemskap i Statens pensjonskasse, som er ei av landets beste pensjonsordningar.
Meir om Merkur-programmet og Distriktssenteret
Målet med Merkur-programmet er å sikre innbyggarane i distrikta tilgang til ein nærliggande daglegvarebutikk med god kvalitet.
Programmet arbeider for at nærbutikkane skal få tilleggstenester som aukar omsetninga, sikrar vidare drift og gir innbyggarane i lokalsamfunnet betre tenester. Merkur-programmet har både kompetanse og økonomisk støtte som verkemiddel. Ein viktig del av Merkur-programmet er våre 10 Merkur-konsulentar som følgjer opp 560 butikkar i heile landet.
Distriktssenteret er ei offentleg verksemd som jobbar for å styrke kommunar og regionar sin evne til å utvikle attraktive og vekstkraftige lokalsamfunn.
Bygdeutvikling gjennom butikkutvikling står sentralt i dette arbeidet, med Merkur-programmet som eit viktig verktøy.
Vi er 28 tilsette fordelt på kontor i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger og har heile Distrikts-Noreg som arbeidsområde.
Gjer deg meir kjent med oss på distriktssenteret.no og merkur-programmet.no.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kallar vi inn minst éin søkjar i kvar gruppe til intervju.
Dersom du ønskjer å reservere deg frå å bli ført opp i offentleg søkjarliste, må du forklare kvifor. Opplysningar om deg kan bli gjort offentleg sjølv om du har bede om å ikkje stå på søkjarlista. I så fall vil vi varsle deg først.
Tenkjer du at du er den rette for stillinga? Ikkje nøl med å sende ein søknad!Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Distriktssenteret søkjer ein engasjert rådgjevar som vil bidra til utvikling av Merkur-programmet – eit av våre mest treffsikre verkemiddel for bygdeutvikling.
Du får støtte lokal innovasjon og sikre gode tenester der folk bur og jobbe tett på framtidas nærbutikkar.
Som rådgjevar i Merkur-programmet får du ein viktig rolle i arbeidet med å sikre at støtteordningane treffer rett fagleg og geografisk. I tillegg til saksbehandling, vil du jobbe mykje med å gi råd til butikkar og konsulentar gjennom å følgje opp tilsegn om støtte.
Du får arbeidsstad på Leikanger i Sogndal, og blir del av eit engasjert fagmiljø med kollegaer i Sandnessjøen, Steinkjer og Leikanger.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b789bb26-3d08-4c5a-b7f7-2528b415e52d
- Sist endret
26. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271461
Lignende annonser
Rådgiver - Bergen eller Leikanger
Arbeidsgiver
Statsforvalterens fellestjenester
Sted
Bergen, Leikanger
Statsautorisert revisor
Arbeidsgiver
Revisorgruppen Fjordane As
Sted
Vestland
Fritidsansvarleg
Arbeidsgiver
ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS
Sted
Kaupanger