Hopp til innhold

Intensivsjukepleiar/ Anestesisjukepleiar

Arbeidsgiver

AMBULANSEFLY - FW, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Intensivsjukepleiar/ Anestesisjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Ambulanseflyseksjonen, Ålesund / Vigra har ledig i 100% fast stilling for spesialsjukepleiar, med oppstart etter avtale.

Seksjonen vår består av 8 spesialsjukepleiarar, og stillinga består av ca 60% vaktteneste på fly og ca 40% inneteneste på intensivavdelinga ved Ålesund sjukehus. Avincis er operatør for ambulansefly i luftambulansetenesta. Vi ønskjer lik fordeling anestesi-/intensivsjukepleiarar og søkjer primært etter intensivsjukepleiar, men anestesisjukepleiarar kan og søkje og bli vurdert for stillinga. Per d.d går ein 12 timers vakter med arbeid kvar 4. helg. Det vert ikkje høve til å gå i redusert stilling.

Den som vert tilsett må gjennomgå ei vekes kurs ( Grunnkurs for flysykepleiere )
hos flyoperatøren før oppstart. samt andre aktuelle kurs og hospitering.

Klinikk for prehospitale tenester i Møre og Romsdal har ansvar for akuttmedisinsk beredskap med båt- og bilambulanse, luftambulanse, AMK og pasientreiser. Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.

Høyrest dette spennande ut, og du kjenne at dette kan vere noko for deg er du velkomen til å søkje på stillinga hos oss!

Arbeidsoppgåver

  • Vakttjeneste ambulansefly
  • Arbeid på intensiv- eller anestesiavdeling
  • Arbeid med transport av pasienter med alle typer medisinske problemstillingar, nokre særs krevande, til dømes: Intensivpasientar, traumepasientar, pasientar med alvorleg hjartesjukdom, barn i kuvøse / bag, brannskadde, dykkarsjuke, nyopererte
  • Svært mange av pasientane har alvorleg hjartesjukdom. I ca 20 % av oppdraga er lege med på transporten
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt fagmiljø

Kvalifikasjonar

  • Ein må tilfredstille «Nasjonal standard for flysykepleiere»
  • Søkjarar må vere spesialsjukepleiar innan anestesi- eller intensivsjukepleie
  • Det er krav om 2 års arbeidserfaring fra intensiv/anestesiavd. de siste 4 år
  • Det er ønske om brei klinisk erfaring: Erfaring fra arbeid med barn og hjartepasientar er ønskeleg
  • Det er sett krav om uttømmande politiattest og at ein fyller krava til Avinors id-kort
  • Søkjar må ha god helse og det krevst attest frå godkjent flylege etter de krav som gjeld for besetningmedlemmer i luftfartøy
  • Det er viktig med god kjennskap til bruk av PC / IT verktøy i arbeidet
  • Søkjar må ha førarkort kl B. Det er i dag vaktbil i tenesta, men dette kan bli avvikla

Personlege eigenskapar

  • God evne til å kunne arbeide sjølstendig og målretta
  • Kunne improvisere og ta raske avgjerder
  • Må trivast med hektiske og lange dagar
  • Gode samarbeidsevner og vere flink til å planlegge
  • Godt humør som bidreg til eit godt arbeidsmiljø

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som gjer vedkomande skikka til stillinga.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Kontaktinformasjon

Frode Lindseth, Seksjonsleiar, +47 93093010, Frode.lindseth@helse-mr.no
Ingbjørn Vestre, Seksjonsoverlege , 95248060, Ingbjorn.vestre@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5050811058
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b6e6bb00-b50c-4dd0-a30a-3f7677f02544

Sist endret

17. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

be421763678a4ad29d88a8b070ca756e

Lignende annonser

Laster lignende annonser