Ambulansearbeidar / Paramedisiner
Ambulanseseksjon Ålesund-Harøy-Giske, Helse Møre og Romsdal HF
Lerstadvegen 19, 6015 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Ambulansearbeidar / Paramedisiner
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. mai
Vil du bli ein del av eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø, med eit kompetent fagmiljø? Ta del i ein spennande og variert arbeidskvardag med oss, der vi har tallause verdifulle menneskelege møte!
Vi har ledige stillingar for amulansearbeidar eller paramedisiner frå 01.09.26. Eller med oppstart etter avtale.
- 1 x 100% fast stilling
- 1 x 100% vikariat for perioda 01.09.26 - 01.08.27
Her med oss får du ein spanande og variert arbeidskvardag med stadig nye utfordringar, tett samarbeid og eit godt kollegialt fellesskap. Vi har eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø der vi støttar kvarandre, deler kunnskap og har felles fokus på å gi pasientane den aller beste behandlinga.
Frå våren 2026 flyttar vi inn i ein heilt ny stasjon med moderne fasilitetar – tilpassa kvardagen vår og laga for å sikre både fagleg utvikling og trivsel på jobb.
Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF har ansvar for den akuttmedisinske beredskapen i heile fylket. Her får du jobbe saman med dyktige fagfolk innan bil-, båt- og luftambulanse, AMK-sentralen (113) og pasientreiser – ein unik moglegheit til å bidra i ei av dei viktigaste tenestene i helsetilbodet vårt.
Det må også påreknast arbeid ved andre stasjonar.
Er dette noko for deg, ønskjer vi deg velkomen som søkjar!
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester.
Arbeidsoppgåver
- Utføre ambulanse- og redningsoppdrag
- Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
- Samarbeide i team og samarbeidsetatar
- Delta på undervisning og sertifiseringar
- Påta seg dei faglege delegeringane som krevst
- Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
- Interne arbeidsoppgåver
- Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og interne reglement som er gjeldande for føretaket
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som ambulansearbeidar/ autorisasjon som paramedisiner
- Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
- Ha gjennomført og bestått utrykningskurs og ha dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
- Ha førarkort klasse C1
- Farmakologiutdanning tilsvarende 5 stp. på høgskulenivå
- Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Ønskjeleg med gjennomført Paramedic utdanning, eller er villig til å fullføre slik utdanning
- Bestått AMLS/PHTLS etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
- Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
- Vere psykisk og fysisk eigna, bestå fysisk test før tilsetting. Fysisk test vil bli gjennomført årleg i forbindelse med resertifisering
Personlege eigenskapar
- Tydelig og respektfull kommunikasjon med pasientar og kollegaer
- Evne til å prioritere riktig i nødsituasjonar
- Motiverande, fleksibel og tilpasningsdyktig
- Evne til å inspirere og motivere, og har gode evner til samarbeid
- Gode datakunnskapar og evne til samarbeid
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, og er ein konstruktiv bidragsytar i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til CV-en din når du søkjer.
Kontaktinformasjon
Heidi Pedersen, Seksjonsleiar, heidi.pedersen@helse-mr.noArbeidsstad
Lerstadvegen 196015 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5107981395
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
dde5a208-13d4-4e00-be04-c37514b11c3d
- Sist endret
15. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
261a4eb246514de2aa233f535bf16650