Hopp til innhold

Fagarbeidar/assistent 2026/2027 

Arbeidsgiver

Breim skule, Gloppen kommune

Sted

Grandavegen 9, 6823 Sandane

Om jobben

Stillingstittel
Ledig stilling som fagarbeidar/assistent 2026/2027
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest fredag 31. juli

Ledig stilling som fagarbeidar/assistent ved Breim skule for skuleåret 26/27. 

Vi har ledig stilling for skuleåret 26/27. Stillinga kan verte forlenga, med mogelegheit for fast tilsetjing. Det er ynskjeleg med oppstart i stillinga før skulen tek til. 
 


Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåver: 

  • Arbeid med enkeltelevar eller i grupper og på skulefritidsordning (SFO). 
  • Kvalifikasjonar

    • Vi søkjer primært etter fagarbeidar, andre utdanningar, erfaringar og bakgrunnar kan bli vurdert på lik linje med fagarbeidar. 
    • Utdanningar som kvalifiserar som miljøterapeutar kan og søkje på stillingane.
    • Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel.
    • Praksis frå arbeid med barn og ungdom. 
    • Søkjar må vere stødig i norsk, både munnleg og skriftleg.

    Personlege eigenskapar

    • Positiv innstilling til arbeid med barn og ungdom med ulike hjelpebehov.
    • Evne til å bidra til gode relasjonar med elevane og kollegane.
    • Kunne stå i utfordrande situasjonar.
    • Fleksibilitet og engasjement.
    • Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
    • Menn vert oppmoda om å søkje. Ved elles like kvalifikasjonar vert menn tilsett.

    Vi tilbyr

    • Arbeidsplassar med fokus på fag og utvikling.
    • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
    • Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
    • Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.

    For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader.

    Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

    Kontaktinformasjon

    Gro Larsen Hjelle, Rektor Breim skule, +47 906 19 713
    Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, 957 78 875

    Arbeidsstad

    Grandavegen 9
    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Gloppen kommune

    Referansenr.: 5148973009
    Stillingsprosent: 80%
    Vikar
    Søknadsfrist: 31.07.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Per Arne Strand

    Kommunalsjef Oppvekst

    957 78 875

    Gro Larsen Hjelle

    Rektor Breim skule

    +47 906 19 713

    Om bedriften

    Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
    Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
    Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b67c1c40-9cb6-447a-8cdf-25e0cb59e65d

    Sist endret

    30. juni 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    60c63fcb4f4e46ec94f5f097abd05a22

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser