Hopp til innhold

ID 2402 Assistent brannførebyggarfaget - Stord brann og redning

Arbeidsgiver

Stord kommune

Sted

Stord

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Brannforebygger/feier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Stord brann og redning er eit kommunalt brannvesen, med hovudstasjon i Studalen (frå januar 2026), like ved Leirvik sentrum. Brannvesenet har i dag 10 heiltidstilsette, samt ein lærling i brannførebyggjarfaget, og om lag 30 deltidstilsette fordelt på hovudstasjonen og depot på Huglo.

Førebyggjande avdeling har ansvar for tilsyn med om lag 120 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med om lag 7500 fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader, i Stord og Fitjar kommunar.

Stord brann og redning søker etter assistent i brannførebyggjarfaget i fast 100% stilling.

Arbeidet inneber møte med mange av våre innbyggjarar og formidling av informasjon om branntryggleik, og sikker bruk av fyringsanlegg. Me er heime hos alle som har fyringsanlegg, og ser etter ein kollega som er profesjonell, nøyaktig og serviceinnstilt ovanfor innbyggjarane våre.

Om du har lyst til å bidra til å betre branntryggleiken for innbyggjarane i Stord, har du moglegheita no. Det vil bli gitt opplæring, og den som tiltrer stillinga må vera villig til å ta <<fagbrev i jobb>>.

Det er ønskeleg, og tiltenkt at stillinga og har ei rolle i brannberedskapen. Noko som krev at ein har bustad i nærleiken til ny hovudstasjon i Studalen.

Arbeidsoppgåver:

  • Tilsyn med og feiing av fyringsanlegg

  • Sakshandsaming innan eige fagområde

  • Motivasjons- og informasjonsarbeid

  • Brannførebyggjande arbeid med særleg vekt på risikogrupper

  • Kurs- og instruktøroppgåver

  • Inngå som deltidspersonell i brannberedskapen

Kvalifikasjonar:

  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Beherske digitale verktøy

  • Førarkort kl. B

  • Politiattest må visast fram ved tilbod om stilling.

Personlege eigenskapar:
  • Ha interesse for fagområdet

  • Imøtekommande og serviceinnstilt ovanfor innbyggjarane

  • Positiv og samarbeidsvillig

  • Må vere fysisk og psykisk skikka til arbeidet og ha god helseattest

  • Personlege eigenskapar og samansetjing av team vil vektleggjast ved tilsetjing.

Det er ønskeleg med ei breidde i kompetanse og erfaring. Alle som har eit ønske om å bidra til betre branntryggleik for innbyggjarane i Stord oppfordrast til å søke

Me tilbyr:
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Eit aktivt fagmiljø

  • Eit triveleg arbeidsmiljø

  • Fleksitidsordning

  • Treningsfasilitetar på arbeidsplassen

  • Løn etter avtale

  • Offentleg tenestepensjon

Kontaktperson:

Avd.leiar førebyggjande Ragnhild Vad, mobil: 48158582, ragnhild.vad@stord.kommune.no, eller Brannsjef Jan Ove Anthun, mobil: 97552053, jan.ove.anthun@stord.kommune.no.

Om bedriften

Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b599d22f-f6d2-42a5-a37e-d26bfcb78648

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

b599d22f-f6d2-42a5-a37e-d26bfcb78648

Lignende annonser