Hopp til innhold

Brannkonstabel Stryn brannstasjon - deltid

Arbeidsgiver

Stryn Kommune

Sted

Perhusvegen 33, 6783 Stryn

Om jobben

Stillingstittel
Brannkonstabel Stryn brannstasjon - deltid
Type ansettelse
Fast, deltid 0%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Leitar du etter ein meiningsfull, lærerik og samfunnsnyttig deltidsjobb, og ønskjer du å vere med og trygge lokalsamfunnet ditt? Då kan du vere den vi søkjer etter.

Å vere tilsett som brannkonstabel deltid, inneber å delta på øvingar etter oppsett plan og møte på hendingar ved alarm. Du vil med dette vere ein del av Stryn kommune sin beredskap.

Stillinga inngår i brannvesenet i Stryn kommune, knytt til stasjonen i Stryn sentrum. 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er alt som brannvesenet blir nytta til;

Slokking av alle typar brannar, røykdykking, trafikkulykker, helserelaterte oppdrag, overflateredning i elv, sjø og vatn, redningsoppdrag og fleire oppgåver som blir lagt til brannvesenet ifølgje risiko- og sårbarhetsanalyser i kommunen.

Kvalifikasjonar

  • Bustad Stryn, ha kort frammøtetid til stasjonen både frå bustad og frå arbeidsplass
  • Ha anledning til å bære radio på fritida si, og kunne rykke ut døgnet rundt
  • Søkjar må tilfredsstille fysiske, psykiske og medisinske krav til røykdykking, og ta del i dei kurs som vert krevd
  • Tidlegare erfaring og jobbpraksis vil bli vektlagt ved tilsetjing
  • Førerkort klasse B
  • Ønskjeleg med klasse C

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og ansvarsbevisst
  • Gode samarbeidsevner
  • Løysingsorientert

Vi tilbyr

  • Kommunale tilsetttingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsvilkår
  • Opplæring og kurs
  • Godt miljø med engasjerte, dedikerte og flinke kollegaer som gjer sitt ytterste for å utføre dei oppgåvene dei møter på best mogeleg måte
  • Det vert utbetalt kompensasjon gjennom året for å bære radio. I tillegg vert det betalt for deltaking på øvingar, utrykningar og evt. vaktordning

Kontaktinformasjon

John Jatgeir Vinsrygg, Brannsjef, 91721629, jonj.vinsrygg@stryn.kommune.no

Arbeidsstad

Perhusvegen 33
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 5120505994
Stillingsprosent: 0%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026

Kontaktperson for stillingen

John Jatgeir Vinsrygg

Brannsjef

91721629

jonj.vinsrygg@stryn.kommune.no

Om bedriften

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

81172245-f640-4799-8dc8-a3c0636cd399

Sist endret

4. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

1d3d93115f2f4ad6899e70701b85d6b9

Lignende annonser

Laster lignende annonser