Hopp til innhold

Kateket

Arbeidsgiver

Valle og Hylestad sokn, og Bykle sokn

Sted

Nordibøvegen 139, 4747 Valle

Om jobben

Stillingstittel
Kateket
Oppstart
1. mars 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Vil du vere med å forme trua og fellesskapet blant unge i Bykle, Valle og Hylestad?
Bykle sokn og Valle og Hylestad sokn har ledig 20 % fast stilling som kateket
 
Bykle sokn, og Valle og Hylestad sokn søkjer etter ein engasjert, varm og relasjonssterk medarbeidar som vil vere med å utvikle og leie kyrkjeleg undervisning – særleg konfirmantarbeidet vårt. Me ser etter ein person som likar å jobbe tett på ungdom, som trivst i eit team og som kan vere ein trygg vaksen som viser veg i både tru og kvardag.
 
Stillinga er definert som kateketstilling, men me ynskjer òg søkjarar med anna relevant kyrkjeleg undervisningskompetanse/formalkompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføra kyrkjeleg undervisning for barn og unge -  med hovudvekt på konfirmantarbeid.
  • Leie  arbeidet med konfirmantar og leirar i samarbeid med soknepresten og andre tilsette
  • Byggje gode relasjonar og samarbeide tett med andre tilsette og friviljuge for å styrkje arbeidet til kyrkja i lokalsamfunnet.

Kvalifikasjoner

  • Utdanning som kateket, eller annan relevant kyrkjeleg undervisningskompetanse/formalkompetanse
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge
  • God evne til å formidle den kristne trua på ein trygg, relevant og inspirerande måte.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Praktiske krav
  • Førarkort klasse B og tilgang på bil
  • Arbeid på kveldstid, i helgar og høgtider må påreknas
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
  • Søkjar må vera medlem av Den norske kyrkja
  • Oppmøtestad for stillinga er i Valle

Personlege eigenskapar

  • Er ein trygg og tydeleg vaksen i møte med barn og unge
  • Ha sterke relasjonelle ferdigheiter og skaper gode møte mellom menneske
  • Evne til å inspirere, engasjere og leie både barn og ungdom, tilsette og friviljuge
  • Har gode samarbeidsevner, er initiativrik og fleksibel
  • Er sjølvstendig, strukturert og ansvarsfull

Me tilbyr

  • Eit meiningsfylt og variert arbeid der du får vere med og prege undervisningstilbodet i to levande sokn
  • Engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • God høve for personleg og fagleg utvikling
  • Løn og anna vilkår i samsvar med tariffavtale for KA
  • Gode pensjons – og forsikringsordningar gjennom KLP

Kontaktinformasjon

Ingunn Nordmo Sagland, Kyrkjeverje, Valle og Hylestad sokn, 47482359, ingunn.nordmo.sagland@valle.kyrkja.no
Toralv Frøysaa Lie, Sokneprest, 92628337, toralv.froysaa.lie@valle.kyrkja.no
Ina Kjøstvedt, Kyrkjeverje, Bykle sokn, 95275070, ina.kjostvedt@bykle.kyrkja.no

Arbeidsstad

Nordibøvegen 139
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5074364236
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 01.03.2026
Søknadsfrist: 15.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ina Kjøstvedt

Kyrkjeverje, Bykle sokn

95275070

ina.kjostvedt@bykle.kyrkja.no

Toralv Frøysaa Lie

Sokneprest

92628337

toralv.froysaa.lie@valle.kyrkja.no

Ingunn Nordmo Sagland

Kyrkjeverje, Valle og Hylestad sokn

47482359

ingunn.nordmo.sagland@valle.kyrkja.no

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b482187f-e605-44d9-b918-9a3b3dfe2d1e

Sist endret

6. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b6375e3d29924de580216ae0bbbfc483

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Valle kommune

Sted

Valle