Hopp til innhold

Barnehagestyrar

Arbeidsgiver

Valle kommune

Sted

Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagestyrar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. februar

Er du leiaren som byggjer sterke lag og trygge barn?

Valle kommune er i vekst, og vi gleder oss blant anna over auke i barnetalet! Barnehagane er ein svært viktig faktor i eit trygt og godt oppvekstmiljø, og vi søkjer no etter den rette personen til stillinga som barnehagestyrar.

Er du ein lagspelar med humor, fantasi, mot og engasjement, og i tillegg ein trygg og fagleg dyktig leiar med fokus på kvalitet i barnehagedrift? Då vil vi gjerne høyre frå deg! I Valle og Hylestad barnehagar arbeider vi for at alle, både barn og vaksne, skal oppleve meiningsfulle og varierte dagar med glede, meistring, leik og læring.

Oppvekstsektoren i Valle kommune er samansett av einingane Valle og Hylsetad barnehagar, Valle skule, Setesdal barnevern, PP-tenesta og Kultur og fritid. Barnehagestyrar rapporterer til Oppvekstleiar. Det er tilsett assisterande styrar for barnehagane.

Som barnehagestyrar i Valle kommune vil du ha ansvar for to barnehagar med ein avstand på ca. 12 km mellom seg:

  • Hylestad barnehage ligg på Nomeland i Hylestad og har ei storbarn- og ei småbarnavdeling med til saman 13 tilsette. Oppretting av ytterlegare ei avdeling er under arbeid.
  • Valle barnehage er lokalisert i skuleområdet i Valle og har ei storbarn-, ei mellom- og to småbarnavdelingar med til saman 12 tilsette
    Vi ser fram til å møte deg!

Arbeidsoppgåver

  • Leie barnehagane med fag-, personal-, budsjett- og økonomiansvar
  • Sikre forsvarleg pedagogisk drift med høg kvalitet innanfor tilgjengelege ressursar, kommunale vedtak og gjeldande lovverk
  • Vere ein leiar som sørger for at barnehagane utviklar seg og er i tråd med føringane i tida
  • Koordinering, rettleiing og utvikling av medarbeidarar, og sikre at personalet får ta i bruk kompetansen sin  
  • Leie og følgje opp arbeidet med planlegging, dokumentasjon, vurdering og utvikling av innhald og arbeidsmåtar i barnehagane
  • Sikre eit godt samarbeid og gode relasjonar med barn og føresette
  • Sørge for eit godt samarbeid med tenester utanfor barnehagane, og bidra aktivt på tverrfaglege samarbeidsarenaer
  • Delta aktivt i kommunedirektøren si leiargruppe og bidra i prosjekt, delta på kurs og utføre oppgåver i samband med heilskapleg utvikling av organisasjonen 
  • Budsjettering og rapportering

Kvalifikasjonar

  • Du må ha utdanning som barnehagelærar eller ha annan høgskuleutdanning som gir barnefagleg og pedagogisk kompetanse. Det er ønskjeleg med leiarutdanning i tillegg.
  • Du har erfaring frå leiarrolle i barnehage, og du må være villig til å ta leiarutdanning om du ikkje har dette dersom det skulle bli aktuelt
  • Du har kunnskap om økonomi- og personalforvaltning og gjeldande lov- og regelverk for fagområdet
  • Du har kunnskap om, og erfaring frå, bruk av relevante IKT-verktøy og digitale fagsystem
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne. Valle kommune nyttar nynorsk som språkform.
  • Du har evne til systematisk og strukturert arbeid både når det gjeld fagleg drift og oppfølgjing av barn, tilsette og føresette

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå alle barn som verdifulle og sette deira behov i første rekkje
  • Gode leiareigenskapar, slik som å
    • vere bevisst leiarrolla di og like å leie andre menneskje
    • kunne inspirere, involvere og motivere medarbeidarane dine
    • kommunisere tydeleg og skape retning, engasjement og tryggleik
    • arbeide systematisk med sjukefråværoppfølging og nærværsarbeid
    • vere raus og løysingsorientert
  • Like nye utfordringar og evne til å gjennomføre endringar
  • Evne å balansere drift og utvikling på ein god måte
  • God til å strukturere, planlegge og organisere
  • Fleksibel og påliteleg
  • Er bevisst eigne styrker og svakheiter og kan både gi og søkje støtte
  • Evne og lyst til å bidra aktivt i møter og samarbeidsforum
  • Stor arbeidskapasitet og kan handsame fleire og samansette arbeidsoppgåver
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i ein kommune i utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
  • Bedriftsleilegheit i Kristiansand sentrum
  • Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • God barnehagedekning
  • Full kulturskuledekning
  • Ei triveleg bygd å bu i
  • Løn etter avtale
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad

Viktig for søknaden din: 

  • CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
  • Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. 

Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppmoda om å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfald. Aktuelle kandidatar vert inviterte til intervju. Namnet ditt vil normalt verte offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om at namnet ditt vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngjeve dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du verte varsla før søkjarlista vert ferdigstilla. Politiattest må framleggast før tilsetjing. For meir informasjon om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med kommunedirektør Vidar Homme, tlf; 900 18 240

Kontaktinformasjon

Vidar Homme, Kommunedirektør, 90018240, vidar.homme@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Kjellebergsvegen 1
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune

Referansenr.: 5065898663
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Vidar Homme

Kommunedirektør

90018240

vidar.homme@valle.kommune.no

Om bedriften

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

 Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

9f38cbb2-06f6-4fc5-b886-8b663fba231b

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ffca777fdf4e46239bf4903579aecd3f

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Valle kommune

Sted

Valle

Barne- og ungdomsarbeider, barnehage

Arbeidsgiver

Alven Eventyrbarnehage i Trollvika as

Sted

Grimstad, Grimstad, Agder

Superrask søknad