Rektor
Valle kommune
Harstadvegen 69, 4747 Valle
Om jobben
- Stillingstittel
- Rektor
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 12. februar
Det er mykje spennande som skjer i Valle kommune for tida!
Vi opplever blant anna tilflytting og auke i barnetalet, og det er svært gledeleg! Valle skule og SFO er ein viktig institusjon i nærmiljøet vårt, og no søkjer vi etter ein dedikert og inspirerande rektor som skal leie skulen inn i ei spennande framtid. Vi treng deg som er ein trygg og fagleg dyktig leiar med mot, fantasi, engasjement og humor til å leie eit personale som brenn for elevane og skulen. Vil du vere med på laget?
Oppvekstsektoren i Valle kommune er samansett av einingane Valle skule, Valle og Hylsetad barnehagar, Setesdal barnevern, PP-tenesta og Kultur og fritid. Rektor ved Valle skule rapporterer til Oppvekstleiar. Det er tilsett assisterande rektor ved skulen.
Som rektor for Valle skule vil du spela ei sentral rolle i oppvekstsektoren hjå oss. Vi legg stor vekt på å vidareutvikle ein inkluderande skule, tilrettelegging for tilpassa opplæring, tidleg innsats og eit stimulerande læringsmiljø med meistring, glede og læring i fokus. Vi jobbar målretta og tverrfagleg for å fremje robustheit blant barn og unge som trivst og utviklar seg optimalt. I Valle ynskjer vi å dyrke ein kultur der born og unge er robuste – både mentalt og fysisk. Pr. i dag har rektor òg ansvaret for vaksenopplæringa.
Arbeidsoppgåver
- Overordna leiing med fokus på strategisk retning for skulen
- Fremje eit inkluderande og trygt læringsmiljø
- Administrasjon og koordinering av dagleg drift i tråd med gjeldande lover og avtalar
- Utvikling og implementering av pedagogiske initiativ for å forbetre læring og læringsmiljø
- Sikre effektiv kommunikasjon med elevar, foreldre og lokalsamfunn
- Personalleiing og kompetanseutvikling av tilsette på skulen
- Arbeide systematisk med sjukefråværoppfølging og nærværsarbeid
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning og erfaring frå skuleverket
- Skuleleiarutdanning er ein fordel, eventuelt vilje til å ta dette (til dømes rektorskulen)
- Kjennskap til, og forståing for, aktuelle pedagogiske trendar og metodar
- Evne til å handtere endringsprosessar og motivere tilsette
- Relevant leiarerfaring, helst frå skulesektoren
- God skriftleg framstillingsevne (nynorsk)
- Gode digitale ferdigheiter
Personlige eigenskapar
- Tillitvekkande leiarstil med gode evner til samarbeid og skape gode relasjonar
- Tydeleg og god kommunikasjon
- Evne til å skape retning og engasjement og å sikre inkludering og tryggleik
- Engasjert og motivert for utviklinga av skulen
- Handlekraftig og evne til å take avgjerd
- Evne til å skape eit positivt arbeidsmiljø og inspirere tilsette og elevar
Vi tilbyr
- Ei nøkkelrolle i ein godt fungerande skule med assisterande rektor og dyktige teamleiarar
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver med fleksibel arbeidstid i eit godt arbeidsmiljø
- Kollegaer med fagleg breidde, godt humør og som har lyst til å gjere ein skilnad
- Gode høve for kurs, vidareutdanning og fagleg/personleg utvikling
- Løn etter avtale, god pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffa rimeleg bustad
- Bedriftsleilegheit sentralt i Kristiansand
- Gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter.
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppmoda om å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal pregast av mangfald. Aktuelle kandidatar vert inviterte til intervju. Namnet ditt vil normalt verte offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om at namnet ditt vert unnateke offentlegheit, men då må du grunngjeve dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du verte varsla før søkjarlista vert ferdigstilla. Politiattest må framleggast før tilsetjing. For meir informasjon om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med kommunedirektør Vidar Homme, tlf; 900 18 240
Kontaktinformasjon
Vidar Homme, Kommunedirektør, 90018240, vidar.homme@valle.kommune.noArbeidsstad
Harstadvegen 694747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 5065847533
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.02.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cab7f50d-0a7c-4ffc-94b7-d73c43bce7db
- Sist endret
20. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c167e4cb3e4a472fa2ad72d7c6fd62b9
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Setesdal interkommunalt politisk råd
Sted
Valle
Arbeidsgiver
Reinhaldstenester, Valle kommune
Sted
Valle
Arbeidsgiver
Bykle kommune, Bykle
Sted
Bykle