Hopp til innhold

Dagleg leiar

Arbeidsgiver

Setesdal interkommunalt politisk råd

Sted

Kjellebergsvegen 1, 4747 Valle

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Dagleg leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

 

Setesdal interkommunale politiske råd (IPR) – eit samarbeid mellom kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes og Åseral – søkjer ein initiativrik og strategisk dagleg leiar som vil vere ein nøkkelperson i utviklinga av regionen. Kontorstad i Valle.

Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å:

  • Følgje opp politiske vedtak og sikre god gjennomføring.
  • Koordinere samarbeid mellom kommunane og andre aktørar.
  • Vere ein pådrivar for regional utvikling og påverke rammevilkår.
  • Bidra til marknadsføring av Setesdal som ein berekraftig og attraktiv region for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.

Visjon:
Setesdal – ein berekraftig og attraktiv region for innbyggjarar, næringsliv og besøkande.

Mål:
Setesdal IPR skal styrke samarbeidet mellom kommunane, fremje regionen sine interesser nasjonalt og regionalt, og vere ein drivkraft for utvikling.

Strategiar:

  • Påverknad og dialog med regionale og nasjonale aktørar.
  • Profilering og marknadsføring av regionen.
  • Kompetanseutvikling og innovasjon.

Rammer:
Setesdal IPR er inne i ein omstillingsprosess med redusert økonomisk ramme, noko som krev effektiv ressursbruk og god styring.

 


Arbeidsoppgaver

  • Følgje opp strategisk retning og handlingsplan for Setesdal IPR
  • Koordinere politiske prosessar og sikre kvalitet i saksframlegg
  • Representere rådet på regionale og nasjonale arenaer
  • Ha ansvar for budsjett, personal og prosjektstyring
  • Styrke omdømet til Setesdal gjennom marknadsføring og kommunikasjon
  • Leggje til rette for kompetanseutvikling og samarbeid med næringsliv og utdanning

Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning tilsvarande bachelor innafor relevant fagområde
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • Erfaring med strategisk arbeid, prosjektleiing og offentleg forvaltning
  • God forståing for politisk-administrative prosessar
  • Økonomisk innsikt og god skriftleg/munnleg framstillingsevne
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Personlige egenskaper

  • Initiativrik og strukturert
  • Løysingsorientert
  • Gode relasjonelle eigenskapar

Vi tilbyr

  • Ei samfunnsnyttig og strategisk leiarstilling med høg påverknad
  • Ei spennande og utfordrande stilling med stor påverknadskraft
  • Moglegheit til å forme framtida for ein unik region med sterke tradisjonar og store naturressursar
  • Lønn etter avtale, gode pensjons- og forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Inger Lise Lund Stulien, Styreleiar, 45906631, inger.lise.lund.stulien@aseral.kommune.no
Karina Sloth, Kst. dagleg leiar, +47 48008006, karina.sloth@bykle.kommune.no

Arbeidssted

Kjellebergsvegen 1
4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Valle kommune

Referansenr.: 5058171601
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.01.2026

Om bedriften

Setesdal interkommunalt politisk råd (IPR) er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Valle, Bykle og Åseral. Vi har som formål å utvikle Setesdalsregionen.

Vårt hovudmål er levande og inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region. Kontorstaden er Valle.

Besøk gjerne sida vår www.setesdal.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

54cfad07-c7ac-462e-b636-3500783faa0e

Sist endret

26. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5e3ca791f5d947acb41dcb07749c6950

Lignende annonser

Laster lignende annonser