Hopp til innhold

Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Eining for barn, unge og familiar

Sted

Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
Psykolog/familierettleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Familieteamet har ledig 100% fast stilling.Har du interesse og engasjement for arbeid med barn, unge og deira familiar? Då håper vi du vil bli vår kollega i Familieteamet.

Bjørnafjorden kommune har samorganisert tenestetilbodet til barn, unge og familiar i Familiens hus. Her inngår Barneverntenesta, Førebyggande helse og eining for Barn, unge og familiar. Familieteamet er ein egen avdeling under Barn, unge og familiar.  Tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid med eit heilskapleg blikk for barnet sine behov er ei viktig satsing i vår kommune, og Familieteamet med sitt tenestetilbod er ein viktig del av laget kring barnet.

Familieteamet i Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge frå 0 til 18 år og deira føresette som strevar med ulike problemstillingar knytt til blant anna samspel, psykisk helse og trivsel. Vi søker deg som har erfaring frå arbeid endringsarbeid i familiar og psykisk helse.  

Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og endringsarbeid i familiar, individuelt og i grupper
- Klinisk arbeid med barn, unge og familiar
- Kartlegging og oppfølging av lette til moderate psykiske helseplager hos barn og unge 
- Familiesamtalar
- Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar
- Psykolog eller minimum 3-årig utdanning frå høgskule/universitet, fortrinnsvis helse- eller sosialfagleg utdanning
- Relevant vidareutdanning knytt til familiearbeid og psykisk helse
- Erfaring frå endringsarbeid i familiar
- Erfaring frå klinisk arbeid med psykisk helse barn og unge
- Ønskeleg med sertifisering i rettleiingsmetodikk  som EFST, PMTO e.l
- Førarkort klasse B

I tillegg ønsker vi at du har
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid, og bruk av IT som arbeidsverktøy
- Er samarbeidsorientert og jobbar godt i tverrfaglege team
- Ønsker å bidra til å vidareutvikle kommunen sitt arbeid med psykisk helse, helsefremming og førebygging på oppvekstfeltet

Vi legg vekt på personlege eigenskapar.

Vi ønsker å vere tilgjengelege når brukarane våre er det. Difor må du rekne med arbeid på ettermiddagstid inntil ein kveld i veka.

Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Ei spanande stilling i ei teneste i utvikling
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø

Kontaktpersonar
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med:
- Avdelingsleiar for Familieteamet; Lillian Slettevold, telefon 415 04 303
- Leiar for Familiens hus; Linda Hevrøy, telefon 971 56 989


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Linda Hevrøy

Leiar

+47 97156989

lihe@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b41f5032-7b6d-4fe8-86a8-248be5008010

Sist endret

24. juli 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3648889_195935_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser