Fast stilling som psykolog
Austevoll kommune
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Om jobben
- Stillingstittel
- Psykolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. september
Om stillinga
Me søker ein engasjert og fagleg trygg psykolog som vil vere med å styrke arbeidet vårt for barn, unge og familiar. Stillinga er del av ei ny eining der fleire tenester vert samla for å kunne samarbeide tettare, arbeide meir heilskapleg og tilby betre og meir robuste tenester til målgruppa.
I tillegg til psykolog inngår PPT, helsestasjon og skulehelseteneste, barnevern og jordmortenesta i den nye eininga. Saman skal me ha særleg merksemd på tidleg innsats, førebygging og tverrfagleg samarbeid til beste for barn, unge og familiane deira.
Som psykolog i eining for barn, unge og familiar vil du bidra med psykologfagleg kompetanse inn i både førebyggande arbeid, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid. Me ser etter deg som ønsker å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar, og som vil vere med å utvikle sterke og samordna tenester med fokus på tidleg innsats. Eininga har og faste treffpunkt på tvers av tenestene og eit etablert samarbeid med BUP-Fana i spesialisthelsetenesta.
Ansvars- og arbeidsoppgåver- Klinisk arbeid med oppfølging av barn, unge og familiar
- Rettleiing og konsultasjon til føresette og fagpersonar
- Undervisning, rettleiing og deltaking i tverrfaglege møte
- Bidra i førebyggande og helsefremande arbeid
- Fagutvikling og kompetansedeling i eininga
- Samhandling og samarbeid med psykisk helse og rus for vaksne
Kvalifikasjonskrav
Kvalifikasjonskrav- Norsk autorisasjon som psykolog
- Interesse for arbeid med barn, unge og familiar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i tett samarbeid med andre
- Utviklingsorientert og ønsker å bidra i oppbygginga av ei ny eining
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Erfaring frå arbeid med barn og unge og frå tverrfagleg samarbeid er ein fordel, men også andre med relevant bakgrunn kan søke
Vi ønsker oss ein kollega som
- Har eit sterkt engasjement for barn og unge.
- Er fagleg trygg, fleksibel og løysingsorientert.
- Har gode samarbeidsevner og trivst med å jobbe tverrfagleg
- Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta.
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skape tillit.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling i ei ny og viktig eining
- Moglegheit til å vere med og forme tenestene for framtida
- Tett samarbeid med dyktige kollegaer frå ulike fagområde
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Løn og tilsettingsvilkår etter gjeldande avtaleverk
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Hege Iren Austevoll
Einingsleiar for barn, unge og familie
+4792201990
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai. Godt eigna for pendlarar.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.
Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Studielånsslett – har du studielån og er busett i Austevoll kommune kan du ha rett til å få sletta 25 000 kroner av studielånet per år via Lånekassen si ordning for distriktskommunar.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
36533cdf-64a3-47f9-97e1-ca53288322bf
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10306429