Hopp til innhold

Fast 2 x 100 % stilling i team for Rask Psykisk Helsehjelp

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 24. august

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Rask psykisk helsehjelp (RPH) starta opp i Bjørnafjorden kommune 01.01.2023, og til saman utgjer RPH teamet 3,4 årsverk. Kommunepsykolog er knytt til teamet og bidrar i planlegging-, fag- og inntaksmøter i RPH. Vi utvidar no teamet med 2 x 100% stillingar.

Rask psykisk helsehjelp er ei godt dokumentert kunnskapsbasert teneste. Det er både eit lågterskeltilbod og eit korttids behandlingstilbod i kommunen. Tenesta er etterspurt og ettertrakta av folk, og har vist seg å kunne supplere kommunens andre helsetilbod.

Om stillinga

Rask Psykisk helsehjelp er forankra i Psykisk helseteam i eining for psykisk helse og rustenester. Psykisk helseteam har to team med ulike målgrupper, samt ruskonsulent og psykolog. Stillingane vil inngå som ressursbemanning, men vil vera knytt til RPH.

Målgruppen for RPH er personar over 16 år som strevar med milde til moderate psykiske helseplager, og tilbyr korttidsbehandling basert på kognitiv atferdsterapi. Teamet er tverrfaglig samansett og består av helse- og sosialfaglige tilsette og psykolog, og driv rettleid nettbehandling, individuelle samtalar, og ulike kurs- og gruppetilbod.

Stillingane har arbeidstid frå 08.00 til 15.30 på kvardager, og har fleksitidsordning.

Arbeidsoppgåver
  • Direkte pasientarbeid retta mot personar i målgruppa lette til moderate psykiske plager
  • Undervisning til pasientar og fagpersonar i større grupper
  • Drifta behandlingsgrupper og kurs
  • Bruk av nettbaserte behandlingsprogram
  • Aktiv bruk av standardiserte kartleggingsskjema
  • Delta i rettleiing og ferdigheitstrening
  • Delta i vidareutvikling av tilbodet RPH
  • Informasjonsarbeid til samarbeidspartnarar
  • Dokumentasjon i tråd med lovverk
Kvalifikasjonar
  • Krav om 3-årig høgskole-/universitetsutdanning innan helse- eller sosialfag.
  • Krav om minst 1 års erfaring frå psykisk helsearbeid.
  • Ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helse- og rus eller anna relevant vidareutdanning.
  • Ønskjeleg med erfaring i undervisning og/eller rettleiing
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne
Personlege eigenskaper
  • Interesse og engasjement for korleis tenestene kan bidra til betre psykisk helse i befolkninga.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Arbeider strukturert og målretta
  • Evne til å jobba sjølvstendig og i team.
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å prioritera
  • Trivst med utviklings- og forbetringsarbeid

Det vil bli lagt avgjerande vekt på personlege eigenskapar.

Den som blir tilsett må gjennomføra Nasjonalt opplæringsprogram i kognitiv atferdsterapi/ utdanning i Rask Psykisk Helsehjelp

Vi tilbyr
  • Variert arbeid i tverrfaglig team
  • Utdanning gjennom Nasjonalt opplæringsprogram i kognitiv atferdsterapi/Rask psykisk helsehjelp
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Det legges til rette for rettleiing og ferdigheitstrening
  • Fleksitid
  • Lønn etter tariff

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil detbli generert eioffentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kanbli offentlege sjølv om ein har kryssa av for åbli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

83cf6598-f2d3-4061-abd3-da5cdff34c5a

Sist endret

6. august 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

468592618

Lignende annonser

Laster lignende annonser