Kombiner ein kjekk arbeidsplass med hyggelege kollegaer og vakker natur i sommar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Reset 14, 6040 Vigra
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt sommaren 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. mars
Vi har ledige stillingar som ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgdistrikt frå 22.06. – 16.08.2026.
Vi søkjer deg som er engasjert og ønskjer å bidra til å gi beburarane våre ein fin kvardag.
- sjukepleiar, vernepleiar, eller ha anna relevante helse- og sosialfagleg eller pedagogisk høgskuleutdanning.
- helsefagarbeidar eller anna relevant fagutdanning
- sjukepleie- vernepleie- og legestudentar
- lærar- og førskulelærarstudentar
- assistentar
Du kan ønskje ein eller fleire av desse arbeidsplassane og fordeling skjer etter behov for kompetanse:
- Godøy bukollektiv.
- Vigra omsorgssenter med sjukeheimsavdeling for menneske med demenssjukdom.
- Reset bufellesskap for menneske med funksjonsnedsettingar.
- Vi har stillingar både på dag/kveld og natt, og eventuell prioritering må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide.
Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling inntil 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det blir tilsett fortløpande i stillingane.Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- God digital kompetanse.
- Det er ein fordel om søkjarane har førarkort og kan disponere eigen bil.
- Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
- Søkjarar må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode samarbeidsevner.
Vi tilbyr
Løn blir endra i samsvar med tariffoppgjeret våren 2026, men per i dag gjeld følgjande:
- Pleiemedarbeidarar/assistentar: årsløn i heil stilling frå kr 397 000,- til kr 494 200,- etter ansiennitet.
- sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- og bestått 2. år: kr 35 000,- over stigen for assistentløn etter ansiennitet. Dersom løn og tillegg overstig fagarbeidarløn med 16 års ansiennitet vert tillegget redusert tilsvarande maksimal løn på fagarbeidarstigen.
- Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert. Legestudentar som har bestått 8 semester får gjeldande sjukepleieløn, men minimum kr 300,- per time.
- Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over assistentløn etter ansiennitet. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
- Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Bonusordning:
- Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 17 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
- Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
Kontaktinformasjon
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034
Randi Helen Holmen, avdelingsleiar Reset bufellesskap, 91875720
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630
Arbeidsstad
Reset 146040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5050182601
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 02.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Nina Skjong
einingsleiar
+47 90251630
Randi Helen Holmen
avdelingsleiar Reset bufellesskap
91875720
Heidi Renate Roaldsand
avdelingsleiar
90248034
Helen Gjerde
nestleiar
90249808
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b36df4a7-eb49-47fa-8d04-792ceba8f9d6
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
25acc74666664b058591147107b14c9e
Lignende annonser
Arbeidsgiver
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Sted
Valderøya
Ferievikarar 2025 -Omsorgstenesta i Sula kommune
Arbeidsgiver
Sula kommune
Sted
Langevåg
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund