Hopp til innhold

Ferievikarar 2026 - Helse og meistring

Arbeidsgiver

Sula kommune

Sted

Sloghaugvegen 13, 6030 Langevåg

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikarar 2025 -Omsorgstenesta i Sula kommune
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
30
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Bli med oss sommaren 2026 og skap minner for livet både for deg sjølv og dei du hjelper!

Vi søker deg som vil lære meir om helse- og omsorgsyrket og som vil være ein del av eit team som gjer ein forskjel for andre. Våre avdelingar har flinke og engasjerte fagfolk. Vi er innovative, det blir nytta velferdsteknologi og vi har nyleg innført Helseplattformen.

Vi vil gjere vårt beste for at du både skal få utvikle deg og trivast på vakt. Det kan vere hektisk og utfordrande, men også veldig lærerikt.

Vi treng ferievikarar ifrå starten av juni og ut august. Vi søker sjukepleiarstudentar, sjukepleiarar, vernepleiarstudentar, vernepleierar, miljøterapeutar, studentar og skuleelevar. Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar.
Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingar, nokre inntil 14 timar. 


Skriv gjerne i kva avdeling du ynskjer å jobbe. Vi behandlar søknadar fortløpande


Arbeidsoppgåver

HEIMETENESTENE
Heimesjukepleien yter teneste til dei som treng hjelp i kvardagen pga sjukdom eller funksjonsnedsetting som framleis bur i heimen sin. Heimesjukepleien yter praktisk hjelp til daglegdagse gjeremål som pasientane ikkje meistrar sjølv. Målet er at alle skal klare seg lengst mogeleg heime i eigen heim, og vere mest mogeleg sjølvhjulpen. Heimesjukepleien yter hjelp til f.eks dagleg stell, dusj, trening i heimen som kvardagsrehabilitering, medisin og oppfølging av ernæring og tilbredning av enkle brødmåltid. Alle som jobbar i heimesjukepleien brukar kommunale bilar i arbeidet med å reise heim til dei ulike pasientane. Heimetenesta er delt i to sektorar; Ytre (Langevåg) Indre (Nausthaugen/Solevåg).  Molværsvegen 11 er eit heildøgnsbemanna bufelleskap for personar med ulike psykiske lidingar. Bufellesskapet inneheld 8 bustader som har eige kjøkken/stove, bad og soverom. Der er fellesareal i bygget og det er fast personal tilknytt bustaden. Det vert gitt praktisk hjelp til dei ulike brukarane som bur der, samt miljøarbeid. Det vert nytta langvakter på 12,5 timer og 14 timer. Knytt til Molværsvegen 11 er det eit nyoppstarta miljøterapeutisk team som yter tjenester  til heimebuande med ulike funksjonsvanskar.

SULATUNET
Sulatunet har lyse og gode lokaler å arbeide i. Vi ligg ved sjøkanten i Langevåg sentrum, noko som gir gode moglegheiter for uteaktivitetar. Langtidsavdelinga vår er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Avdelinga har 28 bebuarar, stort sett eldre. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. Korttids/rehabiliteringsavdelinga ved Sulatunet gir tilbod til pasientar som har behov for ei overgangsordning ved utskriving frå sjukehus og har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov. Vi tilbyr opptrening/vedlikehaldstrening, avlastning og palliasjon. Vi har besøkshund tilknytta avdelinga.  Kjøkkenet ved Sulatunet  leverer mat til Sulatunet, heimebuande, dagsentra og bukollektiva. Vi produserer om lag 170 middagar pr. dag og lager mat og bakverk. Avdelinga har eigen bil og køyrer sjølv ut all mat til kunden.


BU- OG AKTIVITETSTENESTA
Bu- og aktivitetstenesta yter tenester til menneske med ulike typar hjelpebehov. Tenestemottakarane er menneske med funksjonsutfordringar som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar praktisk bistand, personleg hjelp, målretta miljøarbeid i heimen, sysselsetting, aktivisering og opplæring. Bu- og aktivitetstenesta er delt inn i fire avdelingar og omfattar: Nymarkvegen, Jetmundgarden og Geilneset 9 og 11.  

 

BUKOLLEKTIVA
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv for menneske med sjukdomen demens. Bustaden er tilrettelagt for denne pasientgruppa.                      Sloghaugvegen 28 er eit bu- og behandlingstilbod til mennesker som ikkje lenger kan bu heime. Personalet legg vekt på å gi bebuarane trygge rammer heile døgnet. Erindringsenteret er dagtilbod og tilbyr ein sosial treffstad for personar med demens sjukdom som bur heime. Seniorsenteret er dagtilbod for heimebuande eldre. Her skapar vi moglegheiter for å delta i eit fellesskap og fylle eit behov for sosialisering og aktivitet. Bebuarane får tildelt hjelp og omsorg etter individuell vurdering. 

Kvalifikasjonar

Vi ønskjer primært personar med utdanning innan helse- og sosial, studentar, elevar eller erfaring
motivasjon/ interesser for slikt arbeid.
Legg ved attest og vitnemål i søknaden.
Krav om politiattest i alle avdelingane.
Oppgi i søknaden kva for ei avdeling du vil arbeide i. 
Krav om førarkort for enkelte stillingar. Oppgi om du har førarkort.

Personlege eigenskapar

Du er påliteleg, positivt innstilt og har gode haldningar i samhandling med andre.
Du har gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
Du ønskjer å gi eit godt tilbod til pasientane våre og til å bidra i arbeidsmiljøet.
Datakunnskap og god norskkunnskap både skriftleg og munnleg er ein føresetnad.

Vi tilbyr

Moglegheit til fagleg vekst der du får god opplæring 
Fagmiljø med dyktige og støttande kollega og ein meiningsfull jobb.
Gunstige bonusordningar om du arbeider minimum 6 veker samanhengande.
Tilpassa turnus/turnusordning.
Lønn etter tariff
Sjukepleiar- og vernepleiarstudentar får ekstra lønnstillegg.
Moglegheit for vidare fast arbeid på helg som kan utløyse stipendordning og påvirke lønnsansiennitet.
Gratis parkering.

Vi ønsker deg velkomen som søkar til ein kjekk sommar i Sula kommune!
Har du spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt. 

Kontaktinformasjon

Anitra Kringstad, Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret, 90761914, anitra.kringstad@sula.kommune.no
Mariann Kaldhol, Avdelingsleiar Nymarkvegen, Molvær senter, 95710269, mariann.kaldhol@sula.kommune.no
Line Østrem Bjørnevik, Avdelingsleiar Sulatunet, 47518270, line.ostrem.bjornevik@sula.kommune.no
Caroline Øien Fiksdal, Avdelingsleiar Jetmundgarden, 95710257, caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no
Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar Heimetenesta, 95710263, solgunn.eide.dybvik@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Sloghaugvegen 13
6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune

Referansenr.: 5046471149
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 30.04.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Solgunn Eide Dybvik

Avdelingsleiar Heimetenesta

95710263

solgunn.eide.dybvik@sula.kommune.no

Caroline Øien Fiksdal

Avdelingsleiar Jetmundgarden

95710257

caroline.oien.fiksdal@sula.kommune.no

Line Østrem Bjørnevik

Avdelingsleiar Sulatunet

47518270

line.ostrem.bjornevik@sula.kommune.no

Mariann Kaldhol

Avdelingsleiar Nymarkvegen, Molvær senter

95710269

mariann.kaldhol@sula.kommune.no

Anitra Kringstad

Avdelingsleiar Sloghaugvegen 28 og Seniorsenteret

90761914

anitra.kringstad@sula.kommune.no

Om bedriften

Kvifor arbeide i Sula kommune?
I tillegg til givande arbeid kan du oppleve det beste Sunnmøre har å by på.
- fjord og fjell: nyt utsikta frå fjelltoppane eller ta eit bad i fjorden.
- kultur og idrett: delta på arrangement og prøve nye aktivitetar.
- friluft: lån kajakk og padle på Vassetvatnet.  
- frivillige lag: over 100 frivillige organisasjonar og lag, som alle ønskjer seg nye medlemmer

Sula har monge moglegheiter for deg!

Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Kommunedirektøren si leiargruppe består i dag av kommunedirektør og fire kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 750 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

72938b88-2236-4165-9a56-0b08fc07a0b9

Sist endret

1. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

d86ae0a484c0460ebefbaf42ccc62622

Lignende annonser

Ferievikarar 2026

Arbeidsgiver

Kommunalområde helse, Sykkylven kommune

Sted

Sykkylven, Sykkylven