Hopp til innhold

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver

KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Velkomen som søkjar til ei spennande kombinasjonsstilling som kreftsjukepleiar ved Kreftbehandling og palliasjon Ålesund, samt Sengepost for kreft og blodsjukdomar! 

Dette er stillinga for deg som ønskjer å utvikle deg som fagperson og menneske. Vi arbeider i eit svært spennande og givande fagområde der det er stor moglegheit for å fordjupe seg spesielt innan medikamentell kreftbehandling.

Vi søkjer ein engasjert og fagleg dyktig kreftsjukepleiar til ei variert stilling som kombinerer arbeid på kreftpoliklinikk og sengepost. Stillinga gir høve til å følgje pasientar gjennom ulike fasar av kreftbehandling og bidra til heilskapleg omsorg.

Stillinga er totalt 100 %, med arbeid kvar 3. helg:

  •  60 % av stillinga er på kreft poliklinikken
  •  40 % av stillinga er på sengeposten

Intern omrokkering kan gi andre ledige stillingar. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • I kreftpoliklinikken har ein eit utvida ansvar for å administrere medikamentell kreftbehandling (cellegift, immunterapi og antistoff) samt oppfølging og vurdering av pasientar under behandling
  • Som sjukepleiar i sengeposten har ein ansvar for å yte avansert sjukepleie til kreftpasientar. Eksempel på dette er pasientar som får medikamentell kreftbehandling, strålebehandling og palliativ behandling. Ein jobbar heilheitleg og tverrfagleg i forhold til behandling, symptomlindring, informasjon, koordinering av tenestar, omsorg og støtte

Kvalifikasjonar

  • Offentleg autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i kreft
  • Det er ønskeleg med erfaring innan medikamentell kreftbehandling
  • God evne til å handtere kombinasjonsstiling
  • Interesse for arbeid knytta til pasientsikkerheit og utvikling
  • God IKT-kompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert, framtidsretta og innovativ
  • Du viser fagleg engasjement i ditt arbeid
  • Du er fleksibel, initiativrik og endringsvillig
  • Du arbeider strukturert, er ryddig og nøyaktig
  • Du medverkar til eit godt arbeidsmiljø og har god evne til samarbeid
  • Det vil bli lagt vekt på interesse for å bidra i utviklings- og endringsarbeid, og for å vere med på å forme framtidas helseteneste

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Ingunn Istad Erstad, Seksjonsleiar, Ingunn.Istad.Erstad@helse-mr.no
Liv Bodil Angvik Ipsen, Avdelingssjef, +47 70106985, liv.bodil.angvik.ipsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5040201324
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2025

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b1ffa879-b935-41a0-bc9a-e03a3a92458f

Sist endret

19. desember 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

89796c8e0b8d44d3b13a97a3ded27107

Lignende annonser

Laster lignende annonser