Hopp til innhold

Jurist

Arbeidsgiver

Tenestekoordinering, Herøy kommune, Helse- og omsorg

Sted

Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Jurist
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk jurist som vil bidra til god sakshandsaming og rettstryggleik i helse- og omsorgstenestene våre. Stillinga er midlertidig og varer eitt år, men det kan verte mogleg med fast tilsetting.

Kommunane på søre Sunnmøre er i ferd med å etablere felles forvaltningskontor, og du vil få ei sentral rolle i dette samarbeidet. Per i dag har Herøy kommune ansvaret for sakshandsaming og tildeling av tenester også til innbyggarar i Sande kommune.

Som jurist i forvaltningskontoret vil du vere delaktig i den operative sakshandsaminga, i særskilt krevjande saker, og gi råd og rettleiing både internt og eksternt.


Arbeidsoppgåver

  • sakshandsaming hovudsakleg etter helse- og omsorgstenestelova
  • handsaming av klager som skal sendast til Statsforvaltaren
  • juridisk rådgjeving for kommunene på søre Sunnmøre i 2026 i samsvar med tilskotmidlar frå Statsforvalteren
  • opplæring og rettleiing av tilsette 
  • koordinere arbeidet med felles tenesteskildring for kommunene på søre Sunnmøre
  • kvalitetssikre enkeltvedtak
  • internkontroll og kvalitetsutvikling
  • bidra i utvikling av rutinar og prosedyrar for god forvaltningspraksis

Arbeidsoppgåver kan endre seg over tid.

Kvalifikasjonar

  • juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
  • god kjennskap til helserett og forvaltningsrett er ein fordel
  • erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel
  • gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner

Kommunen har nynorsk administrasjonsmål.

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Webcruiter saman med søknaden.

Personlege eigenskapar

  • du arbeidar sjølvstendig og strukturert
  • du er imøtekomande og løysningsorientert
  • du skaper gode relasjonar til dei rundt deg
  • du har handlekraft og gjennomføringsevne
  • du har god digital kompetanse
  • du er positiv til endringar

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • god opplæring 
  • eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegar
  • fleksibel arbeidstid
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter avtale
  • IA-bedrift

Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen, kan du frå 1.januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.

Vi tilset etter gjeldande tariffavale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn på intervju.

Kontaktinformasjon

Inga-Lill Slenes Bjørnstad, Avdelingsleiar, +47 90825260

Arbeidsstad

Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune

Referansenr.: 5037083484
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 19.01.2026

Om bedriften

Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy.  Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.

Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn.  Til Ålesund  kjem du deg på under halvannan time.

Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre".  Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling.  VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.

I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle.  Naturen og kysten vår er vakker.  Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !

 

 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b1b52b55-1d15-4b8f-b8fb-38b28bc3edbf

Sist endret

20. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

da86785d346f451eb37f88ffb071f4e4

Lignende annonser

Laster lignende annonser