Fastlege Brattvåg legekontor
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Strandgata, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlege Brattvåg legekontor
- Oppstart
- 23. februar 2026
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. februar
Vil du vere med og utvikle legetenestene i Haram kommune for framtida?
Haram kommune søker etter ein engasjert og fagleg sterk fastlege til ei spennande og ny utfordring. Legen vil starte som fastlege i 100% stilling ved Brattvåg legekontor frå snarast. I tillegg til fastlege, vil du også inngå i helsestasjonen som helsestasjonslege i om lag 20% stilling. Frå 2027 vert stilinga omgjort til 50% fastlege i pasientbehandling ved Brattvåg legekontor og 50% tilsynslege ved kommunal institusjon. Stillinga gir ei unik moglegheit til å kombinere klinisk pasientarbeid i allmennpraksis med faglege utfordringar, og kontinuitet som tilsynslege ved omsorgssentra i kommunen. Haram kommune har to omsorgssenter sentralt plassert i Brattvåg og på Eidet. Haram omsorgssenter har 16 korttids- og 24 langtidsplassar, og Eidet omsorgssenter har 10 korttids- og 33 langtidsplassar/heildøgnsbemanna omsorgsbustadar. For å sette kommunen i stand til å møte behova i framtida for institusjonstenester, er vi avhengige av ein engasjert og tydeleg tilsynslege som vil vere med å skape gode tenester til bebuarane våre i tett samarbeid med sjukepleiartenesta.
Listelengde blir avtalt mellom legen og kommunen. Er du ALIS vert du omfatta av eit opptrappingsforløp i høve listelengde i dialog med leiar.
Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med påskjønningsløysing. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og faglege møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning. Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 i Norge
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering, eller villig til å starte slikt spesialiseringsforløp
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God kunnskap om norsk lovverk
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar for stillinga vil bli tillagt stor vekt
- Interesse for å bidra i utvikling og drift av legekontoret
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
- Evne til å jobbe i team
- Evne til fleksibilitet
- Godt humør og positiv framtoning
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
- Du kan velje mellom konkurransedyktig fastløn med påskjønningsløysing eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale innan den kurative delen av stillinga.
- Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar.
- Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin.
- Etter avtale mellom lege og Haram kommune kan legen vere forplikta til offentleg arbeid i inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel
- Om du er LIS 3 vert du forplikta til å inngå ALIS-avtale med kommunen
Kontaktinformasjon
Elly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.noLinn Jenny Husøy Morsund, Avdeligsleiar, 41446306, Linn.Jenny.Husoy.Morsund@Haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5059903702
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 23.02.2026
Søknadsfrist: 01.02.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Elly Christine Volsdal Slettvoll
Tenesteleiar
90158565
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b13ee94e-8c88-4e2d-bb96-78d85510f50f
- Sist endret
12. januar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
be73403bea054bf3acd1ed586f1ee91d
Lignende annonser
Fastlege Brattvåg legekontor - vikariat
Arbeidsgiver
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Sommervikar- legekontor
Arbeidsgiver
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Sted
Tennfjord, Brattvåg
Fastlege i rotasjonsturnus
Arbeidsgiver
Molde kommune Helsetjenester
Sted
Molde