Sommarvikar- legekontor
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Slyngstadvegen 4, 6264 Tennfjord, Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommervikar- legekontor
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Tenesteområdet er ein del av kommunalområde Livsløp, der fleire tenester er samla. Alle tenestene er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til kommunen sine innbyggjarar.
Livsløp består av koordinering og tildeling, psykisk helse og rus, helsestasjon, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, ergoterapi, fysioterapi og legetenester. Haram kommune har gode, heilskapelege tenester i fokus. Vi legg vekt på å arbeide på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet ved legesenteret er organisert med ulike arbeidsstasjonar, som til dømes laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på dei ulike stasjonane. Det kan variere mellom legekontora korleis arbeidet er organisert.
- Labratorium: Prøvetaking, diverse analyser, samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timers blodtrykk.
- Skiftestue: Bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentuinjeksjonar m.m
- Resepsjon: Handtere sentralbord, ta imot pasientar samt utføre oppgåver desse henvendelsane genererer.
- Arkiv: Svare på telefonar og påføgjande oppgåver, arkivere dokument, sortere post og utføre anna kontorarbeid.
Kvalifikasjonar
- Du må ha fagbrev som helsesekretær, evt. sjukepleiar. Sjukepleiar- og bioingeniørstudentar kan søkje.
- Erfaring frå arbeid ved legekontor
- Beherske norsk munnleg og skriftleg. Kravet til språk er minimum bestått
- Språkopplæring på nivå B2
- Datakunnskap
- Ha gode kommunikasjonsevner
- Noko engelskkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du er brukarorientert
- Du er nyskapande, løysingsorientert og framtidsretta
- Du er trygg og sjølvstendig i eiga fagutøving
- Du er påliteleg
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du bidreg aktivt til å skape og ivareta eit godt arbeidsmiljø
Det vert vektlagt at ein er personleg eigna
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Godt samhald og god atmosfære med trivelege kollegaer
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariffavtale
Kontaktinformasjon
Linn Jenny Husøy Morsund, Avdeligsleiar, 41446306, linn.jenny.husoy.morsund@haram.kommune.noElly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5053398225
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 01.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b799a1d5-6d2c-4900-980f-4f6d56766469
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ad887826f5f34e3b88680ad7a77a3402
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Fastlege Brattvåg legekontor - vikariat
Arbeidsgiver
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Sted
Brattvåg
Helge- og tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Sted
Tennfjord