Ferievikarar 2026 Indre Haram omsorgsdistrikt
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Trolldalssletta 12, 6264 Tennfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar 2026
- Oppstart
- 22. juni 2026
- Type ansettelse
- Sesong, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. juni
Dei ulike avdelingane har ulike arbeidstidsløysingar. Det er anledning til langvakter i dei fleste avdelingane, nokre inntil 14 timar.
Eidet omsorgssenter opna i 2017 og ligg på Eidet mellom Vatne og Tennfjord, og er ein del av Haram Omsorgssdistrikt. Haram indre består av Eidet Omsorgssenter, Dagsenter Eidet og heimetenesta. Eidet omsorgssenter består av avd. 1 - langtid, HDO (heildøgnsomsorg) og korttid.
Vi behandlar søknadar fortløpande.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram omsorgstenester består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. I tillegg har verksemda ansvar for nokre av kommunen sine BPA-ordningar. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø i avdelingane våre, fokusere på fag og gi gode tenester til tenestemottakarane.
Vi tilbyr ei attraktiv sommarbonusordning!
Som sommervikar hos oss kan du tene ekstra dersom du jobbar meir enn seks veker i sommarturnusen (veke 26–33). For kvar ekstra veke (veke 7 og 8) får du kr 5 000. For å få bonus må du i snitt jobbe minst 80 % stilling i den avtalte perioden.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Du kan søkje deg til desse avdelingane:
HEIMETENESTAHeimesjukepleien yter teneste til personar som, på grunn av sjukdom eller funksjonsnedsetjing, har behov for hjelp i kvardagen, men som framleis bur i eigen heim. Tenesta gir praktisk bistand og helsefagleg oppfølging i situasjonar der pasienten ikkje meistrar oppgåvene sjølv. Målet er å bidra til at kvar einskild kan bu heime så lenge som mogleg og vere mest mogleg sjølvhjelpen i kvardagen.
Heimesjukepleia tilbyr mellom anna hjelp til dagleg stell og personleg hygiene, dusj, legemiddelhandtering, oppfølging av ernæring og tilrettelegging av enkle måltid.
Tilsette i heimesjukepleien nyttar kommunale bilar når dei reiser til og frå pasientane som del av det daglege arbeidet.
Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim. Avdelinga har 11 bebuarar.
Korttidssavdelinga gir eit tidsavgrensa tilbod til pasientar som treng tett oppfølging etter utskriving frå sjukehus, eller som av andre årsaker har behov for ei overgangsordning. Målet er å sikre ein trygg og fagleg forsvarleg overgang frå spesialisthelsetenesta til heimen, eller vidare tilpassa omsorgstilbod.
Avdelinga legg til rette for kartlegging av pasienten sitt vidare hjelpebehov, og tilbyr målretta og tverrfagleg rehabilitering for å styrke funksjonsevne, meistring og sjølvstende i kvardagen. Her får pasientane oppfølging innan blant anna, daglege gjeremål, legemiddelhandtering, ernæring og medisinsk observasjon.
Avdelinga arbeider aktivt for å fremje mestring hos pasientane og sikre at dei får ei best mogleg tilpassa oppfølging når dei skal vidare i behandlingsforløpet.
Langtidsavdelinga er eit bu- og behandlingstilbod for personar som ikkje lenger kan bu i eigen heim.
Avdelinga har 22 bebuarar, hovudsakleg eldre, som får oppfølging og omsorg basert på individuelle behov og vurderingar.
Personalet legg stor vekt på å skape trygge og stabile rammer gjennom heile døgnet, og å bidra til god livskvalitet, tryggleik og verdig omsorg for kvar einskild bebuar.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar, helsefagarbeidar eller pleieassistent vil du bidra til å sikre pasientane god omsorg, tryggleik og fagleg forsvarleg helsehjelp. Arbeidsoppgåvene vil variere noko etter kompetansenivå, men kan omfatte:
- Grunnleggjande pleie og omsorg, som personleg hygiene, påkledning, mobilisering og måltidsstøtte.
- Observasjon av pasientar, inkludert vurdering av allmenntilstand, endringar i helse og behov for vidare tiltak.
- Dokumentasjon i elektronisk journalsystem (Helseplattformen) i tråd med gjeldande retningslinjer.
- Samarbeid med kollegaer og andre faggrupper for å sikre heilskapleg pasientoppfølging.
- Legemiddelhandtering, etter kompetanse og fullmakter.
- Praktiske oppgåver knytt til miljø, trivsel og dagleg drift av avdelinga.
- Tett kommunikasjon med pasientar og pårørande for å skape tryggleik og gi god informasjon.
- Deltaking i faglege møte og rapportar ved vaktstart eller vaktavslutning.
- Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø gjennom samarbeid, deling av kunnskap og støtte til kollegaer.
Alle tilsette må kunne arbeide sjølvstendig, ta ansvar i situasjonar som oppstår, og samtidig bidra aktivt i teamet for å sikre trygg og kvalitativ helsehjelp.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer i hovudsak kandidatar med fagutdanning innan helse- og sosialfag, samt studentar, elevar eller deg som har relevant erfaring og interesse for slikt arbeid.
- Attestar og vitnemål skal leverast etter nærare avtale.
- Det er krav om gyldig politiattest for tilsetting i alle avdelingane.
- I søknaden ber vi om at du oppgir kva avdeling du ønskjer å arbeide i, samt om du har førarkort.
- For stilling i Heimetenestene er førarkort ein føresetnad.
Personlege eigenskapar
- Du er påliteleg, positiv og har gode haldningar i samhandling med andre.
- Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med kollegaer, samt vise fleksibilitet i ein variert arbeidskvardag.
- Du har eit sterkt ønskje om å gi pasientane våre eit godt og fagleg trygt tilbod, og du bidreg aktivt til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
- Gode datakunnskapar og solid norskkompetanse, både skriftleg og munnleg, er ein føresetnad for stillinga.
- Hugs å oppgi referanse.
Vi tilbyr
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, inkludert solid opplæring.
- Eit fagmiljø med kompetente, engasjerte og støttande kollegaer – og ein jobb som opplevast som meiningsfull.
- Tilpassa turnus/turnusordning.
- Løn etter gjeldande tariffavtale.
- Gratis parkering.
Spesifiser i søknaden kva avdeling søknaden gjeld. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål.
Kontaktinformasjon
Tone Elise Austnes, Avdelingsleiar HT indre, 47684062, tone.elise.austnes@haram.kommune.noMaria Nordbø Solevåg, Avdeligsleiar Avdeling 1, 91004986, maria.nordbo.solevag@haram.kommune.no
Reid Andulfstad-Aarskog, Avdelingsleiar Avdeling 2, 90959269, reid.andulfstad-aarskog@haram.kommune.no
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Trolldalssletta 126264 Tennfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5051966620
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Startdato: 22.06.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 15.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d061dcfc-619e-4ac0-9cfa-1b01fef57aee
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a6ecd7a941734fc7bd5d664cf59f12ea
Lignende annonser
Helge- og tilkallingsvikar
Arbeidsgiver
Haram omsorgstenester, Haram kommune
Sted
Tennfjord
Arbeidsgiver
Haram kommune
Sted
Brattvåg
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund