Fastlege Brattvåg legekontor- vikariat
Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Fastlege Brattvåg legekontor - vikariat
- Oppstart
- 19. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. januar
Vil du vere med og utvikle framtidas legetenester i Haram kommune?
Haram kommune søker etter ein engasjert og fagleg sterk fastlege til 100% vikariat stilling med oppstart snarast. I tillegg til fastlege, vil du også inngå i helsestasjonen som helsestasjonslege i om lag 20% stilling.
Listelengde blir avtalt mellom legen og kommunen. Er du ALIS vert du omfatta av eit opptrappingsforløp i høve listelengde i dialog med leiar.
Haram er ein kommune med gode oppvekstvilkår, høg barnehagedekning og eit rikt kultur- og friluftsliv. Brattvåg legekontor vert kommunalt drive og har erfarne tilsette som bidreg til eit godt arbeidsmiljø. Som ny fastlege kan du velje mellom ein gunstig 8.2-avtale med Haram kommune, der fastlegen er sjølvstendig næringsdrivande og betalar ei månadleg leige, eller fastløn med påskjønningsløysing. Haram kommune har tre legekontor: Brattvåg legekontor med seks fastlegestillingar og ein LIS1, Vatne legekontor med fire fastlegestillingar og ein LIS1, og Haramsøy legekontor med to fastlegestillingar og ein LIS1. Alle legane møtast kvar månad til allmennlegeutval og fagleg møte som gir smågruppe-poeng til vidareutdanning og etterutdanning.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal ha særleg fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Eit viktig mål for kommunen er å tilby god kvalitet og behandling til den enkelte innbyggar som søker tenester.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Gjennomført LIS1 i Norge
- Spesialist i allmennmedisin eller under spesialisering, eller villig til å starte slikt spesialiseringsforløp
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- God kunnskap om norsk lovverk
- Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Personleg eignaheit for stillinga vil bli tillagt stor vekt
- Interesse for å vere med og bidra inn i utvikling og drift av legekontoret
- Interesse for kvalitets- og utviklingsarbeid med fokus på pasientsikkerheit
- Evne til å jobbe i team
- Godt humør og positiv framtoning
- God arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Varierte og overkommelege arbeidsdagar med gode økonomiske vilkår
- Du kan velje mellom konkurransedyktig fastløn med påskjønningsløysing eller sjølvstendig næringsdrift med fordelaktig 8.2 avtale innan den kurative delen av stillinga
- Interkommunal legevakt i Ålesund kveld, helg og natt, to til fire vakter i månaden. Døgnbemanning med erfarne sjukepleiarar. Mange av nattevaktene på kvardagar er bemanna av fast tilsette legar
- Interkommunal ØHD-avdeling som ligg i Ålesund og er godkjend som institusjonsteneste for 6 månader i ny ordning for spesialisering i allmennmedisin
- Etter avtale mellom lege og Haram kommune kan legen vere forplikta til offentleg arbeid i inntil 20% stilling, med minimum 6 månaders varsel
- Om du er LIS 3 vert du forplikta til å inngå ALIS-avtale med kommunen
Kontaktinformasjon
Linn Jenny Husøy Morsund, Avdeligsleiar, 41446306, Linn.Jenny.Husoy.Morsund@Haram.kommune.noElly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 5049420402
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 19.01.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 04.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Elly Christine Volsdal Slettvoll
Tenesteleiar
90158565
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0c566de4-c9f5-48ff-85c1-5d52413a8252
- Sist endret
12. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7110d454fe2246b1837fd3f186c73d4d
Lignende annonser
Lege i spesialisering , fysikalsk medisin og rehabilitering
Arbeidsgiver
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Legar gynekologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
ANESTESILEGER OG SMERTEPOLIKLINIKK ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund