Museumsmedarbeider ved Anders Svor-museet
Stiftinga Viti
6763 Hornindal
Om jobben
- Stillingstittel
- Museumsmedarbeider
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest fredag 10. april
Viti søkjer ein engasjert og serviceinnstilt museumsmedarbeidar til ei 40 % fast stilling ved Anders Svor-museet.
Vi har eit mål om å utvikle eit aktivt publikumstilbod retta mot både lokalsamfunnet og tilreisande, og vi ser etter ein fleksibel medarbeidar som vil få varierte museumsfaglege oppgåver, med hovudvekt på formidling, vertskap og marknadsføring.
Museet er vigd bilethoggaren Anders Svor (1864--1929) og ligg vakkert til rett ved E39 i Hornindal. Museet formidlar livet og kunsten til ein av dei sentrale norske bilethoggarane frå rundt 1900.
Stillinga er ei fleksibel deltidsstilling, der arbeidstida vert gjennomsnittsberekna slik at det er høgare aktivitet i sommarsesongen når museet har faste opningstider. Det er ønskeleg med 1-2 faste arbeidsdagar pr. veke gjennom året. Noko arbeid på kveld og i helg må påreknast.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Vi tilbyr
Stillinga rapporterer til avdelingsdirektør for kunst og design i Viti. Arbeidsstad er ved Anders Svor-museet i Hornindal og ved kontorfellesskapet til Viti i Volda sentrum. Noko reising til hovudkontoret for avdelinga i Ålesund sentrum må påreknast. Det er ein fordel om søkjaren har førarkort.
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju og vi ynskjer då referansar, vitnemål og attestar.
Lønsplassering etter tariff, Landsoverenskomst for museer og andre kulturinstitusjonar i samsvar med utdanning og ansiennitet.
Heimla i Politiregisterforskrifta § 34-16 om personar som skal utføre oppgåver i kulturinstitusjonar vil Viti krevje politiattest før tilsetting i stillinga.
Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ynskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livsrøynsle og perspektiv. Har du ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg og til å søkje. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Søknadsfrist: 10.april 2026Om bedriften
Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med om lag 55 tilsette (42 årsverk) og mange frivillige. Stiftinga Viti er organisert i 3 avdelingar; avdeling for administrasjon og drift, kulturhistorisk avdeling og avdeling for kunst og design. Samlingane i Viti omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, kunst, jugendstil og folkemusikk/folkedans. Viti har museumsarenaer i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b13320f2-a85b-4458-832c-386d35d61811
- Sist endret
19. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
455918616