Sals- og marknadsrådgivar
Aasentunet
Indrehovdevegen 176, 6160 Hovdebygda
Om jobben
Vil du vere med å leggje til rette for og selje musea våre som attraktive besøks- og reisemål for eit variert publikum? Nynorsk kultursentrum har ledig stilling som sals- og marknadsrådgivar frå 1. august. Arbeidsstaden er ved Aasentunet i Ørsta.
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Markedmedarbeider
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. mai
Send søknad til
Hva vi ser etter
Krav og kvalifikasjonarVi søkjer etter deg med bachelor i marknadsføring, sal, reiseliv eller tilsvarande fagområde og kompetanse. Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for formell kompetanse. Du har god kjennskap til digitale verktøy som publiseringssystem og InDesign. Du vil også samarbeide med andre om å vidareutvikle butikkane våre i musea, og ha ei koordinerande rolle for butikk- og billettsystem i organisasjonen.
Hos oss nyttar alle nynorsk i skriftleg kommunikasjon.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å styrke kjennskapen til musea våre og til Nynorsk kultursentrum generelt, å selje inn musea som reisemål for både enkeltreisande og gruppebesøk, og å marknadsføre aktivitetane i musea og på festivalane våre. Vi søkjer ein medarbeidar som når fram til etablerte publikumsgrupper og samtidig leiter etter nye og relevante målgrupper for tilboda våre. Du vil samarbeide tett med andre tilsette om å planleggje og gjennomføre sals- og marknadsføringstiltak og utvikle kontakt med mediemiljø og reiselivsaktørar.
Det er høgt tempo i enkelte periodar, og du må kunne jobbe sjølvstendig, samarbeide godt med andre og sjonglere fleire oppgåver samtidig. Du må like å skrive og vere språksikker både munnleg og skriftleg. Du får bruk for evnene dine til å snakke med folk og til å selje inn saker i fleire kanalar.
Vi tilbyr
Vi tilbyrAlle nye medarbeidarar får grundig opplæring. Nynorsk kultursentrum er medlem i arbeidsgivarorganisasjonen Virke og tilbyd ein idémyldrande bedriftskultur, engasjerte kollegaer, god pensjonsordning i Statens pensjonskasse, avtalefesta pensjon og gruppelivsforsikring. Du får tilgang til kulturelle opplevingar, fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida.
Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i tråd med lokalt lønssystem.
Stillinga er ledig frå 1. august 2026. Kontorstad er i Aasentunet i Ørsta.
Kontaktperson for stillingen
Gaute Øvereng
Administrasjonssjef
47 33 41 44
Om bedriften
Om Nynorsk kultursentrum
Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur, er ein kulturinstitusjon som gjennom vitskap og kunst arbeider for ein kulturell fellesskap i Noreg der det språklege mangfaldet er sjølvsagt. Stiftinga formidlar kunnskap og kultur til heile landet, digitalt og gjennom turnear og arrangement. Nynorsk kultursentrum driv musea Aasentunet i Ørsta, Haugesenteret i Ulvik og Vinjesenteret i Vinje og tre festivalar.
Om søknaden
Send søknad med cv som eitt samla pdf-dokument seinast 19. mai 2026 til stilling@nynorsk.no. Merk søknaden med stillinga du søker på. Hugs å ta med fullt namn, fødselsår, bustad og noverande stilling eller yrkestittel i søknaden.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
06268714-d823-47d8-9e9d-ce4d17e0a6a9
- Sist endret
24. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
06268714-d823-47d8-9e9d-ce4d17e0a6a9