Vernepleiar /Sjukepleiar
Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester
Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 31. juli
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Bolig Moberg bufellesskap, har ledig 100% fast stilling frå sepember -26.
Stillinga er i turnus med f.t ordinære vakter og med arbeidshelg kvar 3. helg.
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettingar, Tenesta består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter. Bolig Moberg er eit bufellesskap med 4 tenestemottakarar, med ulike behov for oppfølging, som alle er over 18 år. Vi har også ansvar for nokre andre heimebuarar med ulike behov for oppfølging. Boligen ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging.
"Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar.
Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
- autorisasjon som vernepleiar /sjukepleiar, men vil også kunne vurdere miljøterapeutar.
- erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa
- erfaring med utfordrande åtferd.
- god på relasjonsbygging, er tillitsfull og god på samhandling
- sjølvstendig, ansvarleg og løysingsorientert
- lyttande og respektfull, både overfor brukarar og kollegaer
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr- Ein meiningsfull jobb i eit trygt og utviklande fagmiljø
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar.For sjukepleiarar og vernepleiarar i pasientnært turnusarbeid, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnløn på kr. 25.000,- over garantilønnstabell.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b130ed25-8307-4bc1-bdb8-067aee95f2a3
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3640895_196017_nn